Hopp til innhold

Kristiansand får 285 millionar kroner i belønningsmidlar

Kristiansand får nesten 300 millionar kroner i belønningsmidlar frå staten for sitt arbeid for å få ned biltrafikken i kommunen. Det betyr hyppigare bussavgangar i framtida.

buss

Kristiansand kommune får 285 millionar kroner til kollektivsatsing dei neste fire åra.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

– Dette var veldig viktig. Hadde vi ikkje fått dette på plass ville busstilbodet ha blitt dårlegare og dyrare ganske raskt, seier miljøvernsjef i Kristiansand, Øystein Holvik til NRK.

No lovar miljøvernsjefen hyppigare avgangar på fleire bussruter i kommunen.

80 mill. per år

– Det er fleire område som får vesentleg hyppigare avgangar, nokre får avgangar kvart tiande minutt, til dømes opp til sjukehuset. Grim får dobla frekvensen og det blir sett opp fleire bussar der det er mange som må stå. Det blir ei vesentleg forbetring, seier Holvik.

Miljøvernsjef i Kristiansand Øystein Holvik

Øystein Holvik.

Foto: Lars Helge Rasch / NRK

Kristiansand får 45 millionar kroner i år og 80 millionar kroner dei tre neste åra.

Holvik trur ikkje at Kristiansand hadde fått pengane dersom ein ikkje hadde innført rushtidsavgift. Denne avgifta startar opp frå og med september.

– Det er nok slik det er. Med dette får vi mykje att. Det er meininga at folk skal få eit betre tilbod både når det gjeld dei som vel sykkel, men ikkje minst dei som vel buss, seier han.

– Godt arbeid

Det var stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap), som kom med nyheita tysdag ettermiddag.

– Det heng saman med det gode arbeidet Kristiansand har gjort tidlegare med kollektivtrafikk og dei tiltaka dei har sett i verk, seier Henriksen til NRK.

– Føresetnadene for at dette pengane skal kunne brukast er at veksten i persontrafikken skal skje med kollektivtrafikk, sykkel og gang. Dei må ha planar og organiserte tiltak knytt opp mot denne grøne transporten, seier Henriksen.

Det er andre gang på rad at Kristiansand får belønningsmidlar.

– Det betyr at departementet er nøgd med jobben dei har gjort. Det betyr at dei gjer eit godt stykke arbeid til meir miljøvenleg transport, seier stortingspolitikaren.

– Nøkternt nøgde

Ordførar i Kristiansand Arvid Grundekjøn er glad for at kommunen får pengane. Likevel fekk ikkje Kristiansand «full pakke». Kommunen hadde nemleg søkt om kring 340 millionar kroner, ifølgje ordføraren.

– Vi fekk ikkje fullt ut det vi hadde søkt om, men ei utteljing som er relativt god i høve andre byar, seier Grundekjøn.

– Det er kanskje noko ein kan sjå i samanheng med at vi innførte rushtidsavgift, som departementet var veldig opptekne av som ein nøkkel til vidare kommunikasjon. Vi er nøkternt nøgde med at vi har komme såpass bra ut, men det var ikkje full score i høve det vi hadde søkt om, seier ordføraren til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %