Hopp til innhold

Lovar å rette opp omdiskutert sykkelgate

Ei miljøgate i Grooseveien i Grimstad skulle gjere det tryggare for syklistar. No vedgår vegvesenet at den ikkje har fungert som planlagt.

Prestisjeprosjektet for syklister i Grimstad som ikke har fungert etter hensikten. Det innrømmer veimyndighetene. Den mye omdiskuterte miljøgata for syklister har fått mye kritikk. Nå kommer kravet om strakstiltak.

Sjå reportasje frå miljøgata i Grimstad.

Gata skulle gjere det enklare og tryggare for syklistane i trafikken, og vart opna av kronprinsparet i 2010.

Is i miljøgate i Grimstad

Det har vore glatt i miljøgata i vinter.

Foto: Privat

Trafikkøy Grooseveien

Det er trangt om plassen i miljøgata på grunn av rabattar.

Foto: Pål Tegnander / NRK
Men mange vegrabattar og dårleg brøyting har i staden gjort vegen utrygg, meiner Odd Bjørn Ness som nyttar miljøgata på to kilometer kvar dag.

– Det er ei veldig farleg strekning, seier Ness.

Krev tiltak

Miljøgata i Grooseveien har innebygde vegrabattar med blomsterkassar og eit sykkeltfelt.

– Anten må du sykle der og risikere å tryne fordi det er glatt. Eller så syklar du ofte i vegbana. Då har du ein veldig smal teig å sykle på. Kjem det ein bil bak har du eit problem, seier han.

Også Syklistenes Landsforening har teke tak i saka. I eit brev til vegstyresmaktene krev dei at trafikkfarlege stengsel vert fjerna umiddelbart for å hindre ulykker.

Lovar å gjere endringar

For første gong vedgår vegstyresmaktene at miljøgata har hatt store problem. No lovar dei å gjere endringar.

– Vi har fått ein del klager heilt sidan vegen opna. Det er ikkje heilt ideelt spesielt i forhold til vintervedlikehald, seier Erling Jonassen, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Det det vore gjort ein for dårleg jobb?

– Det har nok vore utforma litt feil i byggjefasen i forhold til det som var tenkt i planfasen. Det er noko vi vil sjå om vi kan få retta opp, seier Jonassen.

Kosta sju millionar kroner

Sjølv kronprinsparet har kasta sin glans over prestisjeprosjektet til sju millionar kroner som skulle krone Grimstad som sykkelby.

Vegvesenet har allereide fjerna fleire færre vegrabattar etter klagene, og vil prøve å betre brøyteforholda til neste vinter.

Men Odd Bjørn Ness meiner at det trengs langt meir drastiske tiltak for å hindre ulykker.

– Eg forstår ikkje kvifor vegvesenet ikkje kan ta vekk blomsterkassane. Ein må vere på tå-hev for ikkje å komme ut for noko, seier han

Kongelig besøk i Grimstad

Kronprinsparet var med på å opne gata i 2010.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %