Margrete Renstrøm

Margrethe Renstrøm i aksjon under NM i Haugesund i fjor. Der tok sørlendingen sølvmedalje.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Jernkvinna er tilbake

Lengdehoppar Margrethe Renstrøm er i ferd med å legge tre blytunge år bak seg. No trur sørlendingen på Rio-OL.

Klokka nærmar seg 19 på Olympiastadion i London 7. august 2012. Over 80 000 tilskodarar har funne setene sine på den splitter nye OL-arenaen.

På indre bane er Margrethe Renstrøm klar til å hoppe inn før lengdekvalifiseringa. Jenta frå Søgne i Vest-Agder har allereie ein internasjonal medalje i bagasjen denne sommaren.

Margrethe Renstrøm

Margrethe Renstrøm på Olympiastadion i London i 2012.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Ho overraska og tok bronse under EM i Helsinki berre veker tidlegare.

Smellet

Alt kjennest bra ut ute på den mektige Olympiastadion. Ho har hatt fleire gode innhopp og skal ta eitt til. Det er då det går gale. Smertene er enorme. OL er over før det hadde komme i gong.

– Det var så vondt at eg forstod alvoret med ein gong. Det var eit sjokk å oppleve det akkurat der. Det er jo det verst tenkelege for ein idrettsutøvar å få ein slik skade i eit OL, seier Margrethe Renstrøm.

Det har gått tre og eit halvt år sidan ho gjorde seg klar til sitt første OL i karriera. Det første året etter trena ho nesten ikkje i det heile. Dei to neste har vore prega av knallhard rehabiliteringstrening.

– Eg er ganske flink til å tenke at idrett er idrett. Livet er så mykje meir enn å hoppe lengde. Det har eg alltid fokusert på. Det er noko med det å sjå eit litt større perspektiv når noko slikt skjer. Eg har ikkje sett meg mykje tilbake etter den dagen der, seier Renstrøm.

Renstrøm skada på oppvarming

Renstrøm pådrog seg ein skade under foten på oppvarming før OL-kvalifiseringa i London.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Gode treningshopp

Mange idrettsutøvarar hadde nok vurdert å legge opp etter år med skade. Men ikkje Renstrøm.

– Eg trur det har vore avgjerande at ho har hatt andre ting å tenke på. Ho har heile tida studert ved sidan av idretten. I tillegg er ho genuint glad i sporten sin, seier John Ertzgaard som er idrettsleg leiar i IK Tjalve, som er klubben til Renstrøm.

– Samstundes ser ho sitt eige potensial. Ho har hoppa endå lenger på trening enn i konkurranse. Det er få som veit. Men då er det lettare å halde oppe motivasjonen, seier han.

No vert ho trena av Leif Olav Alnes som er ein av Norges mest meritterte trenarar.

Han var mellom anna trenaren til Geir Moen då han tok EM-gull i Helsinki i 1994 og ikkje minst då han tok VM-gull i Paris i 1995.

Tidlegare har ho blitt trena av mor si, Reidun Renstrøm.

– Under Leif Olav har ho blitt raskare. Ho spring veldig fort. No står det att å tore å halde farten inn å planken. Klarer ho det blir det langt fordi ho spring så fort, seier Reidun Renstrøm.

Comebacket

22. juli 2015 er Renstrøm endeleg tilbake i lengdegropa i konkurranse. Nøyaktig 1079 dagar etter at skademarerittet starta i London. Ho deltek i eit stemne i Karlstad i Sverige.

Ho får opp eit hopp på 6,25 - på «feil» fot. Skaden ho pådrog seg i London gjorde at ho måtte byte satsfot frå høgre til venstre. Ei dramatisk endring for ein idrettsutøvar.

– Tenk deg sjølv at du har pussa tennene med høgrehanda heile livet. Så skal du plutseleg gjere det med venstre. Det er same prinsippet. Det tek litt tid før motorikken og rørslene kjem naturleg, seier Ertzgaard.

Mange lengdehopparar har prøvd å byte satsfot utan å lukkast. Det fekk også Renstrøm prenta inn. Men på sitt første hopp med venstrefoten hoppa ho nesten seks meter.

– Då visste eg at det var eit enormt potensial. Med det utgangspunktet var eg ganske sikker på at det kom til å gå bra, seier Renstrøm.

I løpet av 2015-sesongen klarte ho 6,35 som sitt beste resultat. Ho tok også sølv under NM i Haugesund bak stortalentet Nadia Akpana Assa.

For å klare OL-kravet må ho hoppe ytterlegare 35 centimeter.

– Sidan eg hoppa 6,35 i fjor, som var eit dårleg teknisk hopp, så verkar det ikkje så skremmande. Det er berre litt større fart og litt større høgde, så har eg dei ekstra 35 centimetrane, seier ho.

Margrethe Renstrøm

Margrethe Renstrøm med EM-medaljen frå Helsinki i 2012.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Visste at eg hadde eit liv utanom idretten

Farten har aldri vore større. Ho har aldri vore sterkare og spenstigare. No jobbar ho for å få teknikken til å sitte.

– Det er å setje saman alle brikkene på ein måte. Det er litt vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta. Eg skal i alle fall jobbe hardt framover for at eg skal rekke det, seier ho.

Margrethe Renstrøm

Margrethe Renstrøm drøymer om eit nytt OL.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ho er allereie utdanna fysioterapeut. No studerer ho realfag. 30-åringen meiner studiene har gjort vegen tilbake på friidrettsbana enklare.

– Eg visste at eg hadde eit anna liv eg skulle heim til sjølv om eg vart skada. Eg gjekk rett ut i turnus som fysioterapeut etter OL og fekk tankane vekk frå idretten. Eg trur det er viktig, seier ho.

– Det blir for altomfattande om du berre har idretten. Det er så fort å få ein skade. Då må du ha noko anna å gjere på. Så er det sjølvsagt viktig å få ei utdanning når du er mellom 20 og 30 år, seier bronsevinnaren frå EM i 2012.

Større enn medalje

Renstrøm har normalt ikkje delteke i mange innandørsstemne. Det kjem ho til å gjere i år for å få flest mogleg hopp på den nye foten.

– Det er avgjerande for Margrethe at ho får nok «flytid» for å få teknikken til å sitje. Det er det einaste som hindrar ho. Fysikken er bra. Ho ser jo ut som ein million dollar den jenta der, seier Ertzgaard.

Sesongdebuten kjem truleg 6. februar under eit innandørsstemne i Gøteborg. Etter til våren skal ho først jakte på EM-kravet som er på 6,55. Deretter er det altså OL-kravet på 6,70 som står for tur. Det er to centimeter lenger enn hennar eigen pers og norske rekord.

– Er det ei som verkeleg fortener å komme til Rio, så er det Margrethe. Ho er inga primadonna, men genuint interessert i sporten sin, seier John Ertzgaard.

Onsdag 6. juli går kvalifiseringa til finalen under EM i Amsterdam. 16. august klokka 21.05 startar kvalifiseringa til OL-finalen på Olympiastadion i Rio.

– Å komme til ein finale ville vere enormt stort å klare. Det trur eg vil vere likestort som ein medalje, seier Renstrøm.

Margrethe Renstrøm

Sjå norgesrekordhoppet til Renstrøm i 2010.