Politikarane i kommunalutvalet behandla saka tysdag.
– Det handlar om at klubben ikkje skal bli degradert og få eventuelt poengtap. Det er hovudårsaka til at vi er med på dette, seier varaordførar i Kristiansand Jørgen Kristiansen til NRK.
Politikarane bestemte samstundes at Vipers må betale meir for å leige Aquarama der dei spelar heimekampane sine.
I 2010 fekk handballklubben eit lån på ein million kroner frå kommunen. Pengane skulle hjelpe klubben ut av økonomisk knipe.
Den totale gjelda er i dag på 950 000 kroner.