Hopp til innhold

Dramatisk færre birøktarar: – Kan gå utover fruktproduksjonen

Det er 1000 færre birøktarar i landet no enn berre for ti år sidan. Norges Birøktarlag fryktar dårlegare fruktproduksjon dersom utviklinga held fram. I verste fall kan det bety at mange ikkje klarer å produsere frukt og bær.

Birøkt

Det vert stadig færre birøktarar i landet. No fryktar bærprodusent at færre birøktarar vil gi dårlegare kvalitet på frukt og bær.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

– Dette er dramatisk. Vi er på grensa til kva som er forsvarleg for å ha nok bier til å polinere både kulturvekstar og ville vekstar i Norge, seier dagleg leiar i Norges Birøktarlag, Trond Gjessing til NRK.

For ti år sidan hadde birøktarlaget 3500 medlemmer. I 2013 er tale nede i 2500. Berre på Agder har 200 birøktarar forsvunne dei siste ti åra, ifølgje Setesdølen.

Dårlegare kvalitet på frukta

– Heile miljøet er i ferd med å forsvinne. Vi har store problem berre med å kalle inn til medlemsmøte. Det dukkar gjerne berre tre fire medlemmer opp, seier leiar i Otra birøktarlag, John Gunnar Halleland.

No fryktar birøktarane at frukt- og bærprodusentane vil få problem med å produsere nok i framtida, dersom utviklinga held fram.

– Lønnsemda i fruktnæringa vert dårlegare og vi får ikkje den kvaliteten på frukt som er naudsynt for at det skal bli ei god salsvare, seier Gjessing.

Olaf Kristensen driv morellproduksjon i Mandal. Han stadfestar at situasjonen er dramatisk og fryktar konsekvensane dersom det blir endå færre birøktarar.

– Vi er veldig avhengig av å ha birøktarar som kan plassere ut bikubar. Vi dyrkar meir og meir i tunnelar og er avhengig av å setje inn bikubar for å sikre pollineringa, seier han til NRK.

Birøkter Olav Gunnar Haugen

Det vert sett i gang fleire kurs over heile landet for å få fleire til å drive med bier.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Sjukdom skapte store utfordringar

Meir og meir av produksjonen vert flytta inn i plasttunellar for å sikre produksjonen. Her er ein mindre sårbar for frost og dårleg vêr.

– Med slike tunnelar flyg biene sjølv om det er dårleg vêr og vi får sikra pollinering, seier Kristensen.

For to år sidan fekk fruktbonden trøbbel med nettopp pollinering. Årsaka var at det vart innført flytteforbod for bikubar på grunn av sjukdom. Yngelrote vart påvist på fleire gardar i Aust-Agder.

– Forbodet galdt heldigvis ikkje over alt, og vi kunne hente bikubar frå andre stader. Men vi såg kor problematisk dette kan bli. Det vart straks meir utfordrande, seier han.

– Kva hadde skjedd med bæra dine om du ikkje hadde fått tak i bikubar?

– Eg er veldig redd for at eg ikkje hadde fått sikra pollinering på bæra. Det kunne ha gått veldig sterkt utover avlinga. I verste fall kunne det ha skjedd at eg ikkje hadde fått avling i det heile. Utan bier trur eg det hadde gått veldig gale, seier han.

Dårleg økonomi

Årsaka til nedgangen i talet på birøktarar er fleire. Økonomi vert drege fram som eit viktig element.

– Lønnsemda har nok ikkje vore veldig god for dei som driv birøkt som næring. Men dette er nok under betring no, seier Trond Gjessing i Norges Birøktarlag.

– Dei som driv birøkt som hobby gir seg ofte på grunn av konkurranse med veldig mykje anna, seier han.

Leiar i Otra birøktarlag, John Gunnar Halleland, stadfestar at økonomien er ei viktig årsak til at mange har gitt seg.

– For ein del år sidan hadde vi mange som levde av birøkt, for då var prisane for å levere honning forholdsvis høg. Prisen har stagnert no og då blir det vanskeleg å kunne leve av dette, seier han.

Intensiv nyrekruttering

Norges birøktarlag er i full gang med å prøve å rekruttere nye birøktarar. Det vert arrangert rekrutteringsmøte fleire stader i landet. På Evje har birøktarlaget, saman med fylkesmannen, Bondelaget og Småbrukarlaget teke initiativ for å hjelpe interesserte i gang.

– Vi håpar på å rekruttere nye folk. Men det blir nok mykje meir hobbyprega enn tidlegare, seier Halleland.

– Eg tykkjer vi ser ei betring. Det er meir optimisme enn for kort tid sidan og det er mange som har lyst til å byrje med bier, seier Gjessing.

Morellprodusent Olaf Kristensen håpar at satsinga på nyrekruttering vil vere frukter.

– Det høyrest veldig positivt ut. Dei må berre stå på, for vi er avhengig av birøktarane, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %