Hopp til innhold

Alvorleg sjukdom trugar Agder-bier

Open yngelråte er påvist på tre bigardar i Froland, Åmli og Tromøya.

Bier

SJUKE: Bier på fleire gardar i Aust-Agder er truga av sjukdommen open yngelråte.

Foto: DAVID STOBBE / REUTERS

Sjukdommen er ein særs smittsam tarmsjukdom hos yngelen til biene. Ifølgje Mattilsynet kan sjukdomen føre til alvorlege tap av yngel og bisamfunn.

Restriksjonar

Mattilsynet i Aust-Agder har no pålagt birøktarane restriksjonar. I tillegg har dei starta kartleggjing av vidare smitteutbreiing.

LES OGSÅ: Vil ha flere bier i byene
LES OGSÅ: Massedød av bier - fikk diare

Sjukdommen vert normalt bekjempa gjennom avliving og destruksjon av bisamfunn som har symptom.

Bakterien er motstandsdyktig og kan overleve i fleire år på veggane i vokstavlene i bikubene. Den kan også overleve rundt 7 månader i honning og noko lengre i pollen i kubene.

Kan ete honningen

Ifølgje Mattilsynet er det ikkje farleg for menneske å ete honning frå dei smitta bigardane.

LES OGSÅ: 10 000 bier stakk

Det fins fleire måtar å førebyggje open yngelråte på. Blant anna ved å skifte ut vokstavler og sende gamle vokstavler til omsmelting. I tillegg kan det vere lurt å plassere biene i område med godt nektartrekk og god pollenforsyning.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %