Hopp til innhold

Brekne imponerte landslagssjefen

Odd Arne Brekne skaut i verdsklasse på liggjande og ståande. Ein svak start på kneståande øydela finalemoglegheitene i heilmatchen i verdscupen måndag.

Odd Arne Brekne

Odd Arne Brekne vart nummer 15 under verdscupen i skyting i USA.

Foto: Tor Idar Aune, Norges Skytterforbund

Han enda til slutt på 15. plass.

Det blei ei uvanleg innleiing på skytinga måndag for det norske laget.

Favoritten Ole Kristian Bryhn kasta inn handkledet eit kvarter før start. Bryhn har slite med svimmelheit og hovudverk i det varme veret i USA og trekte seg frå konkurransen.

Lyngdølingen Brekne stoppa på 1169 poeng totalt og var fem poeng frå finale denne gongen.

– Liggande og ståande var ei god oppleving. No er eg på veg mot noko og gler meg til dei neste konkurransane utover sommaren, seier Brekne i ei pressemelding.

Landslagstrener Anne Grethe Jeppesen vart imponert over skytinga til sørlendingen.

– Han viser at det bur mykje meir i han enn det han har fått vist tidlegare i år. No fekk vi sjå ein Odd Arne som viste litt musklar og fekk ut litt av sitt enorme potensial. I tillegg ser det ut til at han har fått tilpassa utstyret på ein god måte. Dette lovar godt, seier Jeppesen.

Brekne jobbar for å kvalifisere seg til OL i Rio til neste år. Der er målet å kjempe om medaljar.

Øyvind Solbrekken Flatla enda som nummer 56 med 1154 poeng.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %