Hopp til innhold

Avvisar at forureining kjem frå E18

I ein ny rapport blir det slått fast at bygginga av ny E18 ved Lillesand ikkje er hovudårsaka til forureininga av Kallveldfjorden. Men miljømyndigheitene er skeptiske til delar av rapporten.

Byggingen av ny E18 ved Lillesand er ikke hovedårsaken til forurensningen av Kaldvellfjorden. Det slås fast i ny rapport. 
Men miljømyndighetene er skeptisk til deler av rapporten.

Sulfid-haldig stein skal ha kome ut i fleire vassdrag og ført til fiskedød fleire stader ved Lillesand. No viser ein rapport at bygginga av ny E18 ikkje er hovudårsaka til forureininga ved Kallveldfjorden.

Tidlegare har Statens vegvesen og Agder OPS fått krass kritikk frå Fylkesmannen for at sulfid lakk ut i vassdrag og Kaldvellfjorden.

Under E18-utbygginga blei det etablert deponier for sulfid-haldig stein. Dette skulle ha lekt ut i fleire vassdrag, og ført til fiskedød fleire stader.

Men det skal vere andre typar forureining som er det største problemet i Kallveldfjorden. Det viser ein ny rapport som er utført av Agder OPS Veiselskap.

– Hovudkonklusjonen i vår siste rapport er at vegprosjektet har ein vesentleg mindre påverknad på Kaldvellfjorden, seier administrerande direktør i Agder OPS Veiselskap, Jan Walle.

Fylkesmannen vil framleis ikkje frikjenne

Men ifølgje firmaet som står bak den nye rapporten, Rådgivende Biologer AS, er den økologiske tilstanden i Kaldvellfjorden framleis dårleg.

Dei hevdar det er andre tungmetall enn dei som stammar frå vegbygginga som no er hovudproblemet, blant anna bly frå gammal biltrafikk langs fjorden.

Fylkesmannens miljøvernavdeling i Aust-Agder vil ikkje frikjenne E18-utbyggaren, trass informasjonen som har kome fram i rapporten.

– Det ser ut til at det framleis kan påvisast påverknad inst i fjorden frå reinseanlegget, som kjem frå den store vegfyllinga. Det er mindre konsentrasjon utover i fjorden, så det biletet er likt som for tre år sidan.

Sjå reportasjen øvst i saka

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %