Hopp til innhold

– Fjorden kan vere øydelaget i fleire hundre år

Statens vegvesen får kraftig kritikk for tungmetallutslepp i Lillesand etter E18-utbygginga. Forskar meiner utsleppa vil prege Kaldvellfjorden i fleire hundre år, samstundes krev blåskjelldyrkarar erstatning.

Statens vegvesen får kraftig kritikk for tungmetallutslippene i Lillesand etter E18-utbyggingen. Norsk Institutt for Vannforskning mener miljøkonsekvensene vil prege fjorden i flere hundre år. En blåskjelldyrker i fjorden krever nå erstatning fra Vegvesenet.

VIDEO: Statens vegvesen får kraftig kritikk for tungmetallutslippene i Lillesand etter E18-utbygginga. Norsk Institutt for Vannforskning meiner miljøkonsekvensane vil prege fjorden i fleire hundre år.

– Då vinteren kom var omtrent alle døde. Eg kjenner ingen annan grunn enn at det må vere dei store aluminium- og tungmetallutsleppa som kjem frå veganlegget til Statens vegvesen, seier blåskjeldyrkar Per Christian Hoelfeldt Lund til NRK.

Per Christian Hoelfeldt Lund

Per Christian Hoelfeldt Lund.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Atle Hindar (Niva)

Seniorforskar i Niva, Atle Hindar.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Han har levd av blåskjelproduksjon i ti år. Men i fjor byrja altså skjella å døy. Fleire bekkar som renn ut av sjøen kjem frå det største deponiet for sulfidhaldig stein etter E18-utbygginga.

Oksygenfritt vatn

– Dette giftige vatnet tek livet av algar. Det gjer at algar, som elles skulle ha vore mat for skjella døyr, søkk til botnen og lagar oksygenfritt vatn, seier han.

Norsk Institutt for Vannforskning (Niva) har prøvd å åtvare Statens vegvesen. Dei har utarbeidd fleire rapportar på oppdrag frå vegvesenet, med klare tilrådingar om å dekke deponia med minst eit par meter leire og jord. Det har ikkje skjedd.

– Sylfidsteinen er litt skummel. Når den kjem til luft oksiderer den og det vert danna svovelsyre. Den tek med seg aluminium og tungmetall og renn ut i bekkar og innsjøar, seier seniorforskar i Niva, Atle Hindar.

– Her ser vi det ligg heilt ope og vidare utover deponiet er det vel berre nokre få centimeter med jord, seier han.

Avvist av vegvesenet

Dei som lever av havet har kravd 250 000 kroner i erstatning av vegvesenet, men har blitt avvist med argument om at ein rapport som undersøkte anlegget i 2011, ikkje fann skadeleg mengde metall.

Men i rapporten vart det ikkje mål aluminium, som no er synleg som kvite partiklar i vatnet.

I den siste rapporten som er utarbeidd for Statens vegvesen står det mellom anna følgjande:

«Det var 18 mg/l labilt aluminium i gjennomsnitt, saman med mykje tungmetallforurensning. Dette er ekstreme verdiar av labilt og giftig aluminium, med 1000 gonger nivåene som sjåast å kunne gi skadeverknader på fisk og botndyr.»

Nektar å stille til intervju

Statens vegvesen vil ikkje stille til intervju, men skriv i ein e-post til NRK at dei held seg til Fylkesmannen sitt krav og at dei vil prøve å betre verdiane med lut og asfaltering av deponia.

Niva trur dumping av sulfidhaldig stein og avrenning som følgjer med, vil gi konsekvensar i overskodeleg framtid.

– Då snakkar vi faktisk om nokre hundre år. Dette er ikkje over i morgon, neste år, eller om ti år, seier Hindar.

– Er det for seint?

– Det er nok ikkje det. Det som er heilt openbart er at det vil koste om ein skal gjere det skikkeleg. Anten å dekke til skikkeleg eller behandle avrenningsvatnet skikkeleg, seier han.

Vegvesen-deponi i Lillesand

Niva anbefalte å dekke deponiet med minst eit par meter leire og jord. Det har ikkje vegvesenet gjort.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %