Hopp til innhold

Ny veg vil koste minst 50 millionar – håpar på statsstøtte

Minimum 50 millionar i kostnad og fleire månadar med arbeid står att, før fylkesveg 60 gjennom Utvik vert opna for gjennomgangstrafikk.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.4

STORE SKADER: Under flaumen raserte elva store delar av fylkesveg 60. Det vil koste minst 50 millionar kroner å reparere den og bruene. Takstfolk er også i gong med å finne dei andre kostnadane med å få Utvik-bygda opp og stå att.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det vil ta fleire månadar før vegen vert opna att og i dag fekk vi beskjed om at brufundamentet på den eine av bruene må støypast på nytt, seier Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Tysdag hadde Statens vegvesen eit møte om vegsituasjonen etter flaumen førre måndag, og det var ingen gode nyheiter til dei som håpar på snarleg vegopning.

Det vil framleis ta månadar å få på plass ny veg, det vil koste minst femti millionar og bruekspertar har funne ut at brufundamentet på den eine brua må støypast på nytt.

Har naturskadefond

Sidan det er ein fylkesveg er det Sogn og Fjordane fylkeskommune som må ta rekninga.

Jenny Følling

Fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi er vegeigar og må ta kostnaden med å bygga den opp att, men når det er så store skader så kjem vi til å søka staten om pengar til finansieringa, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

For fylkeskommunen har eit naturskadefond som skal gå til å dekke slike uventa hendingar, men der står det «berre» 15 millionar.

– Når ein får så store skader så kjem vi til å søke departement om finansiering. Praksis er at departementet dekker om lag halvparten, seier Følling.

– Er det sett av nok pengar til naturskadar?

– Ein kan aldri vite det. Nokre år er det store skadar og nokre år er det få, men eg er heilt overbevist om at det ikkje er tatt høgde for dei klimaendringane vi får. Det er noko vi må følge opp framover, seier Følling.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.11

VIL TA TID: Statens vegvesen reknar med månader før vegen mellom Utvik og Byrkjelo kan opnast att.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

For i tillegg til store skadar på bruene på fylkesvegen som går ned frå Utvikfjellet til sentrum, er store delar av vegen heilt vekke. Olje- og energiminister Terje Søviknes besøkte Utvik i førre veke, men kunne ikkje då koma med ein lovnad om kor mykje pengar fylkeskommunen kan venta seg å få frå staten.

– I tillegg er det skadar for fleire millionar på vegane på Breim-sida av Utvikfjellet, blant anna på E39, seier Karlsen i Statens vegvesen.

Fått støtte tidlegare

Fylkeskommunen fekk bidrag frå staten til å dekka utgiftene etter brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger og ny veg til Otterdalen i Hornindal kommune, etter «Dagmar», 2. juledag i 2011. Skatestraumtunnelen kom på rundt 60 millionar, medan det tok 700 dagar og om lag 80 millionar å bygge opp att vegen til Otterdalen.

Utover sommaren og hausten vil det bli sendt ein søknad frå fylkeskommunen til departementet om støtte. Det er heller ikkje avklart kva pott ein må ta dei ekstra utgiftene frå.

Bru på plass i Utvik

MELLOMBELS: Denne brua nede i Utvik sentrum vart tatt av flaumen. Onsdag i førre veke fekk dei sett på plass ei mellombels bru.

Foto: Oddmund Hagen