Hopp til innhold

Etter 700 dagar fekk dei tilbake vegsambandet til bygda si

Vegen deira blei vaska vekk av orkanen «Dagmar». I dag kunne familien juble for at den nye vegen til Otterdal i Nordfjord blei opna med pomp og prakt.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for den offisielle opninga av den nye vegen til Otterdal.

SKAR SNORA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod i dag for den offisielle opninga av den nye vegen til Otterdal.

– Det var ei tøff tid dei fyrste månadane utan veg. Det var mykje som var usikkert, så akkurat då hadde eg mykje mageverk. Men no er me veldig glade, fortel Reidun Otterdal.

Ho har fått med seg borna Severin, Laurits og Rasmus til opninga. Dei har fått på seg kvite skjorter i høve dagen, for no kan dei endeleg feire den nye vegen sin.

Pomp og prakt stod også fylkesordførar Åshild Kjelsnes for saman med ordførar-kollega i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård .

– Dette er veldig spesielt. Det finst store vegopningar, men dette trur eg blir den koseligaste vegopningane og kanskje noko av det mest gledelege. For her er det folk som venta i 700 dagar på å få att vegen sin, seier fylkesordføraren til NRK.no.

Ho legg vekt på at det var naturkreftene som øydela vegen, og uveret skapte ein vanskeleg situasjon for dei som har vald busetje seg i den vesle bygda ved Hornindalsvatnet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Folk i Otterdal

FOLKEFEST I OTTERDAL: Innbyggjarane feirar den nye vegen

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Reidun Otterdal er svært glad for at opningsdagen er komen.

– Det skal bli godt å få styre tida si sjølv, og køyre når ein ønskjer det. Me har hatt båtskyss, og det har fungerte bra. Men då er ein bunden til faste tider, og må planleggje mykje meir, seier ho, som no kan ferdast fritt inn til Otterdal.

Ferdig med ei trasig hending

– Det er klart at det har vore mykje som blir tungvint. Mangelen på veg har nok blitt ein tidstjuv. No får dei tilbake kvardagen sin. Det blir ein veldig god dag, sjølvsagt for dei som bur der ute aller mest. Men også for fylkeskommunen, for no er vi ferdige med ei forferdeleg trasig hending der uveret vaska vekk vegen folk hadde hatt, seier Kjelsnes.

Folket i Otterdalen blei på mange måtar symbolet på kor små vi som menneske er når naturkreftene verkeleg syner seg fram. «Dagmar» gjorde store skader, ikkje minst på skogen på Vestlandet.

Men for familiane i Otterdal fekk orkanen dramatiske konsekvensar i høve korleis dei skulle takle kvardagen. Det er om lag 13 fastbuande i den vesle bygda.

Vegopning Otterdalen

JUBEL I DAG: Familien Otterdal kunne i dag sleppe jubelen laust for den nye vegen til bygda deira. Her saman med fylkesordførar Åshild Kjelsnes, ordførar Anne-Britt Øen Nygård og Margot Åsebø frå Statens vegvesen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Bygd med statleg hjelp

– No har vi heldigvis fått statleg hjelp til å byggje opp att vegen. Om eit fylke eller ein kommune skulle ta alle kostnadene, så ville det eigentleg vore katastrofe. Det er jo store ekstrakostnader, men det syner jo berre kor sterk naturen er, sler fylkesordføraren fast.

Ny veg til Otterdal

NY VEG PÅ PLASS: 1,7 kilometer av vegen til Otterdal vart skylt vekk under orkanen i 2011. I dag opna den nye vegen til bygda.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det var eit skikkeleg ruskever under vegopninga i dag, men fylkesordføraren kunne gle seg saman med lukkelege innbyggjarar som no slepp båtpendling til bygda.

– Eg tenkte i natt at no får nyevegen elddåpen sin, og den har den bestått med glans. Så då er det ein fin dag.

Skylte vekk 1,7 km veg

1,7 kilometer av vegen til Otterdal blei skylt vekk av bølgene frå Hornindalsvatnet då «Dagmar» kom med sine mektige vindar romjula 2011. I dag kunne ordføraren i Hornindal kommune gle seg saman med dei 13 som no har fått vegen tilbake.

Ordførar Hornindal

ORDFØRAR: Anne-Britt Øen Nygård.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det er veldig, veldig stort. Eg er så glad at vi klarte å få opna vegen no før vinteren. Så dette er ein gledens dag. Det har jo vore veldig krevjande for dei som bur i Otterdal. Dei har vore tolmodige, og dei fortener all ros, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård til NRK.no.

Først etter nesten to år fekk folket i Otterdal i Sogn i Fjordane tebake vegsambandet sitt. Orkanen "Dagmar" tok med seg heile vegen te den vetle bygdi i Nordfjord.