Hopp til innhold

Flaumskadar og stengde vegar fører til millionkostnader for transportnæringa

Skadeflaumen i Nordfjord fører til stengde vegar og enorme utgifter for transportnæringa. Firmaet til Rolf Olav Tenden må ut med over 20.000 kroner ekstra kvar dag.

Rolf Olav Tenden

LASTEBILEIGAR: Rolf Olav Tenden i Tenden transport.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette kostar næringa vår ganske mykje pengar, seier Rolf Olav Tenden, som er dagleg leiar i Tenden transport i Stryn.

Verksemda køyrer i snitt ti bilar over Utvikfjellet per dag. Når fjellet er stengt må dei køyre via Lote-Anda. Det betyr minst ein time ekstra bak rattet.

– Ei slik omkøyring med ferje kostar 1100 kroner per veg, per trailer. Det er fort gjort å gonge ut at dette her er dyrt. Vi har faste prisar, så dette går rett på botnlinja for transportørane, seier Tenden, som også er fylkesleiar i Lastebileigarforbundet. For næringa samla sett trur Tenden på milliontap

Veg rasa ut i Utvik flaumen

ØYDELAGT: Vegen opp mot Utvikfjellet har fått store skader i flaumen.

Foto: Alf Vidar Snæland

LES OGSÅ: FV 60 blir stengt lenge

Vil ha kjappe løysingar

Utvikfjellet vil vere stengt for gjennomgangstrafikk ut september. Men via privatvegar er det mogleg alt no for personbilar å kome seg opp, men vegen over fjellet er stengd.

– Vi ser moglegheiter for å kome gjennom. Vi vil i dialog med Vegvesenet for å sjå om det er mogleg å få gjennom bilar inntil 12 meter og personbilar, seier Tenden, og legg til at dette også er opp til grunneigarane.

Reiselivet fryktar ikkje vegstenginga

Medan butikkeigarane er uroa for mindre gjennomgangstrafikk, er dei større reiselivsaktørane i Loen mindre bekymra.

Mangeårig direktør ved Hotel Alexandra, Eivind Grov, seier hotellet knapt har fått ei avbestilling.

– Vi har ikkje tapt nokon gjestar. Alle som har bestilt har kome, og om nokon ikkje har kome så har vi fylt opp att med ein gong. Men ein konsekvens er at bussgrupper kjem seinare på dag, og at dei som skal sørover må reise ein time tidlegare enn før, seier Grov.

Eivind Grov

HOTELLMANNEN: Eivind Grov ved Hotel Alexandra, er stornøgd med at hotella i Loen er fulle i sommar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Viktig med ekstraferja

Heller ikkje den nye storattraksjonen Loen Skylift har svikt i besøket.

– Vi har hatt like stor trafikk som tidlegare, seier Grov, som trur at når folk fyrst har bestemt ferieplanane sine så skal det meir til for å avlyse.

– Men det som er veldig viktig er at ferjesambandet Anda-Lote har kapasitet til å ta unna trafikken, slik at folk ikkje ventar meir enn naudsynt, seier Grov.