Hopp til innhold

Den største tunnelbrannen i norsk historie

Rehabiliteringa av Skatestraumtunnelen i Bremanger etter brannen kostar langt meir enn først venta. Prislappen kjem på totalt 62,5 millionar kroner.

Brann i Skatestraumtunnelen

DYRT: Brannen i Skatestraumtunnelen førte til enorme skader inne i tunnelen. No har også prisen blitt dyrare enn tenkt.

Foto: Quirinus Adrichem

Tunnelen har vore halvveges stengd sidan ei tankvogn med bensin eksploderte i tunnelen i midten av juli. Til jul er den venta å opne heilt, men arbeidet har kosta.

Utbrend tankbilvogn

EKSPLODERTE: Dette var alt som var att av tankvogna som inneheldt 16.500 liter bensin.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Sjølv om dette er den største registrerte brannen landet har hatt i ein vegtunnel, var skadeutviklinga på sprøytebetongen mindre enn venta, seier avdelingsdirektør Claus K. Larsen i tunnel- og betongseksjonen i Vegdirektoratet.

Likevel vart totalskadane enorme, og kostnaden deretter. Prislappen har no kome på 62,4 millionar kroner. I august var det sagt at reparasjonen og utbetringa ville koste knappe 40 millionar kroner.

– Ei omfattande og kostbar rehabilitering måtte til i etterkant. Årsaka til dette er truleg manglande brannseksjonering, det vil sei lukkar for kvar 250. meter for å unngå spreiing av brannen bak betongen, seier Larsen.

Vil be regjeringa om halvparten

Jenny Følling

OVERRASKA: Fylkesordførar Jenny Følling visste ingenting om den nyaste prislappen før no.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Trass i at kostnadane med mellombels ferjesamband vart mindre enn venta, blir det likevel totalt sett dyrare kostnader for Fylkeskommunen.

– Dette er sjølvsagt høge kostnader, men når det skjer ein tunnelbrann så er det fylkeskommunen si plikt til å rydde opp igjen og vi må ta dei kostnadane som følgjer med, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Følling vedgår at det blir tøft for Fylkeskommunen å skulle betale ein så stor sum, og at dette kan gå utover andre vegar. Regjeringa har tidlegare løyvd 16,4 millionar kroner til tunnelreparasjonen, men no vil Følling ha meir.

– Vi håpar at regjeringa kan ta femti prosent av dei kostnadane som går på opprydding i tunnelen, for elles blir det ganske tungt for Fylkeskommunen. Vi kjem til å sende inn avrekning på den summen som no har auka.

Skadar etter brannen i Skatestraumtunnelen

STORE SKADER: Inne i Skatestraumtunnelen like etter brannen. Brannen er rekna som den største tunnelbrannen som er registrert i Norge.

Foto: Flora brannvesen

Største brannen i norsk historie

Aldri før har ein opplevd ein så stor tunnelbrann på norske vegar. Ifølgje Statens vegvesen var brannen på RWS-nivå, som er dei mest ekstreme brannane. RWS er ei brannkurve som estimerer tid- og temperaturkurva som gjeld ved store brannar.

Dette er også ein type brann der det er stor risiko for at menneskeliv kan gå tapt på grunn av kraftig gass- og temperaturutvikling.

– Det er liten sjanse for å overleve viss du er oppstraums samanlikna med brannen. Dei som er der røyken bles og varmen går er i fare, det blir som ei skorsteinseffekt. Dei som er nedstraums samanlikna med brannen har eit betre utgangspunkt og kan kome seg unna, seier Larsen i Vegdirektoratet.

Brannen førte til enorme skadar i tunnelen. Blant anna vart vass- og frostsikringa øydelagd. Det er gjort tiltak for å i større grad kunne unngå dette ved ein eventuell ny brann.