Hopp til innhold

Terje Søviknes vitja flaumområdet

UTVIK (NRK): Skadane etter flaumen i Utvik vil koste fleire titals millionar å reparere. I dag var olje- og energiminister Terje Søviknes i Utvik for å sjå på skadane.

Terje Søviknes vitja Utvik

– Som du ser er det ein formidabel jobb å rydde dette og få bygga det opp igjen på ein sikker måte, sa Stryn-ordførar Sven Flo til Terje Søviknes.

Terje Søviknes vitja i dag den flaumråka bygda i Nordfjord. Saman med ordføraren i Stryn såg han på skadane og prata med folk i bygda.

Analyse påpeikte manglar

Ein risiko- og sårbarheitsanalyse gjort for Stryn kommune frå 2014, viser at det var store etterslep på sikringstiltak og førebyggande tiltak mot flaum i kommunen.

Sven Flo og Terje Søviknes

PÅ SKADESTADEN: Sven Flo viste Terje Søviknes rundt i det flaumherja området.

Foto: Asgeir Reknes / NRK

– Det er store behov for sikring i heile landet, og NVE gjer heile tida ei prioritering av kor risikoen er størst og kva område som treng sikring. Så er det opp til oss å løyve nok pengar slik at vi får gjort det førebyggingsarbeidet som må til, sa Søviknes til NRK under besøket.

Sven Flo håpar at det vil bli løyvd meir pengar til flaumsikring i tida som kjem.

– Det er veldig viktig for oss å kommunisere ut at det må komme meir pengar til sikringstiltak i åra framover, seier han.

Oddbjørn Bruland har vore kritisk til NVE sin mangel på tiltak for å førebygga flaumen. Han hadde fleire spørsmål til ministeren og var delvis nøgd med svara han fekk.

– Han kom med mange gode svar, men så får vi sjå om han klarar å levere, seier Oddbjørn Bruland, professor i vassbygging ved NTNU.