Hopp til innhold

Politiet er utolmodige på svar - meiner langdryg politireform gjer at folk sluttar

Både politiet si fagforeining og Politidirektoratet fryktar politifolk sluttar fordi dei er usikre på jobbane sine.

Kjetil Drange

MISTER FOLK: Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane fryktar mange dyktige politifolk sluttar fordi dei er usikre på framtida i etaten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den omfattande politireforma dreg stadig ut i tid, og i mellomtida har nøkkelpersonell rundt om kring i politidistrikta sagt opp jobbane sine.

Fylkesleiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane seier mange er utrygge på framtida i politietaten.

– All uvissa gjer folk uroa. I verste fall risikerer vi at folk søkjer seg vekk fordi dei raskt ønskjer ein tryggare arbeidskvardag, seier han til NRK.no.

Frå 27 til seks politidistrikt

Og den tillitsvalde politimannen er ikkje åleine om uroa for å miste dyktige politifolk. Også i Politidirektoratet fryktar dei konsekvensane av den langdryge politireforma.

I reforma er det tenkt at færre politidistrikt skal bety fleire patruljar på hjul og kortare responstid, men reforma har møtt motstand frå mange hald.

Fleire meiner ei omorganisering frå dagens 27 til berre seks politidistrikt ikkje vil sikre god nok beredskap. Mange har også trekt fram behovet for lokalkunnskap og fryktar store regionar ikkje vil vere gode nok på dette.

Kjem tidlegast opp for Stortinget i haust

Men saka om korleis politi-Norge skal sjå ut i framtida ser ikkje ut til å bli avgjort med det første.

Saka kjem ikkje opp i Stortinget før tidlegast til hausten, seier Hadia Tajik (Ap) som er leiar i justiskomiteen.

– Eg er overraska over at justisministeren ikkje har meldt inn politireforma som ei av sakene dette halvåret, seier ho til NRK.no.

Bakgrunnen for at saka ikkje kjem opp i vår ville ikkje Justis- og beredskapsdepartementet kommentere måndag.

Statssekretær Hans. J. Røsjorde (Frp) har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar onsdag, men seier i ein epost at:

– Arbeidet med oppfølginga av Politianalysen går for fullt, og vi jobbar samstundes med å sjå på oppfølginga av Brannstudien. Utover det har vi på noverande tidspunkt ingen fleire kommentarar, det nåværende tidspunkt ingen flere kommentarer.

– Søkjer seg allereie vekk

I Sogn og Fjordane er Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund utolmodig. Han seier det er svært viktig for dei tilsette å vite kva dei kan vente seg i åra framover.

Utrygge arbeidstakarar er allereie i ferd med å søkje seg vekk, seier han oppgitt.

– Det er folk som har slutta allereie. No skal eg vere litt forsiktig med å seie at dette er den direkte årsaka, men eg har ein sterk appell til Politidirektoratet om at dei må kome med nokre signal, seier Drange.

– Korleis skal dei tilsette bli tekne vare på? Får dei behalde jobbane sine, blir dei tvangsflytta, får dei ein omstillingsavtale, er det økonomisk kompensasjon, ramsar han opp som nokre av spørsmåla mange politifolk vil ha svar på.

(Artikkelen held fram under)

Kaare Songstad

VIL HA SVAR: Også Kaare Songstad vil raskast mogleg ha ei avklaring på korleis politi-Norge skal sjå ut i åra framover.

Foto: NRK

Kjempar for det same

Beredskapsdirektør Kaare Songstad i Politidirektoratet har ikkje gode svar på dei mange spørsmåla Kjetil Drange ramsar opp. Han seier dei er like utolmodige som dei tillitsvalde, og at dei har like få svar.

– Arbeidsgjevar, arbeidstakarar og arbeidstakarane sine organisasjon har heilt like interesser i denne saka, og det handlar om at vi saman må presse på for raskast mogleg få avklaringar, seier han.

Også han ser tendensane til at folk er så utrygge på framtida at det får konsekvensar.

– Vi ser ein del tilløp til at nøkkelpersonell i politidistrikta finn seg andre jobbar fordi framtida ser for usikker ut. Det er uvisst om dette er 100 prosent kopla til denne problemstillinga, men det påverkar rekrutteringsbilete negativt når det er usikkert korleis politi-Norge vil sjå ut i åra framover, seier Songstad.