Etter 22. juli fekk Nordre-Buskerud politidistrikt kritikk frå fleire hald på grunn av manglande lokalkunnskap under Utøya-aksjonen.
Ein av dei første politimennene som rykka ut frå Hønefoss politistasjon til Utvika, visste ikkje kor Utøya var. Politiet sleit også med å skaffa beredskapstroppen transport over til Utøya, trass i at det var eit båtutleigefirma med tilgjengelege båtar ved Utvika camping.
Behovet for nærpoliti med kjennskap til lokalmiljøet må ikkje koma i skuggen av fokuset på politihelikopter og responstid når 22.juli-kommisjonen skal gje råd for å styrkja beredskapen i framtida, meiner Politiets fellesforbund.
- LES OGSÅ: Politihelikopteret fortsatt på bakken
- LES OGSÅ: Hadde ikke politi-helikopter under 22.juli-terroren
– Lokalt politi er vel så viktig
Framlegginga av 22. juli-kommisjonen sin rapport skjer måndag. Rapporten skal gjennomgå og trekkja lærdom frå terroråtaka mot Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011.
– Eg er uroa over at erfaringane frå 22.juli vil bli brukt som argument for ytterlegare sentralisering, store einingar og kraftsamling av ressursar til akuttberedskap. Det er viktig at me ikkje gløymer å styrkja nærpolitiet, som er avgjerande i det me kallar kvardagsberedskapen, seier forbundsleiar Arne Johannesen.
Debatten etter 22. juli har ifølgje Johannesen fokusert altfor mykje på at fleire helikopter og meir trening på skarpe oppdrag er svaret på alt.
– Det blir for enkelt. Ei styrking av slagkrafta og kompetansen til lokalt politi er vel så viktig for at politietaten skal stå betre rusta til å handtera alvorlege situasjonar i framtida. Å vera tett på lokalsamfunnet i kvardagen er avgjerande både for førebyggjande arbeid og for dialogen når det skjer store ting. Det handlar om lokalkunnskap, menneskekunnskap og geografi, meiner forbundsleiaren.
Sentralisering etter Politireformen
Men Politireformen som kom ved årtusenskiftet har ført til ei kraftig sentralisering av politi- og lensmannsetaten. 54 politidistrikt blei til 27. 44 lensmannsdistrikt er nedlagde, opplyser Politidirektoratet.
Lennsmannskontoret i Hole kommune, der Utøya ligg, blei lagt ned allereie i 1999. Både Hole, Ringerike og Ådal lensmannskontor blei den gongen slegne saman med Hønefoss politistasjon - til stor frustrasjon hjå dåverande ordførar Per R. Berger.
– Lokalkunnskapen ved Hole lensmannskontor er høg - noko som er viktig når konflikter skal løysast og saker oppklarast. Ei sentralisering vil truleg redusera dette og eg er redd for at servicenivået vil bli dårlegare, sa Berger då kontoret fekk kroken på døra.
- LES OGSÅ: Må ta vare på lokalkunnskapen
Sniknedlegging av lensmannskontor
Ifølgje Politidirektoratet er 260-270 lensmannsdistrikt framleis i drift. Men mange av desse er kraftig nedbemanna og har reduserte opningstider.
Politimeistrane kan ikkje lenger få lov til å sniknedleggja lensmannskontor, meiner Jenny Klinge (Sp) i Justiskomiteen. Ho etterlyser sterkare politisk styring av strukturutviklinga i politi- og lensmannsetaten.
– Politimeistrane tappar lensmannskontora for tilsette. Sjølv om dei treng Stortinget si velsigning for å leggja ned kontora, så blir lensmannskontora dermed nedlagde i praksis. Lovas lange arm blir amputert. Den blir kortare og kortare og når ikkje lenger fram til folk utanfor sentra.
– Me treng større politisk styring over strukturutviklinga i heile politiet. Det må ikkje vera mogleg å leggja ned lensmannskontor på strak arm, uttalar Klinge.
SJÅ VIDEO: – Politiet blir pressa til å sentralisere
Også ho åtvarar mot å la beredskapsdebatten etter 22.juli føra til at politiarbeidet i andre delar av landet blir svekt.
– Ein skal ikkje bagatellisera kor viktig det er med rask tilgang til politihelikopter og ein beredskapstropp som raskt er på pletten. Oslo er som hovudstad spesielt utsett for terror. Men det er flusst av terrormål andre stader i landet også, meiner stortingsrepresentanten.
Ho viser til oljeinstallasjonar, vasskraftverk og statlege institusjonar i andre delar av landet.
Ny stortingsmelding om politietaten til hausten
Til hausten får Stortinget overlevert Resultatreformen frå Justis- og beredskapsdepartementet. Den kommande stortingsmeldinga blir førande for vidareutviklinga av politi- og lensmannsetaten, og Politidirektoratet (Pod) sitt innspel er ytterlegare sentralisering.
Pod meiner ein reduksjon frå 27 til 18 politidistrikt vil gje meir slagkraftige einingar, og at det deretter skal vera opp til det einskilde distriktet å vurdera kor mange underliggjande lensmannskontor det er føremåltenleg å ha i drift.
– Me vil sjølvsagt ta med oss dei funna og tilrådingane som 22.juli-kommisjonen legg fram i sin rapport, opplyser kommunikasjonssjefen i Justis- og beredskapsdepartementet, Gunnar Johansen.