Hopp til innhold

Går nye vegar for å nærme seg verdstoppen

Marius Vedvik skal for første gong ta i bruk høgdetrening.

Vedvik skuffa på 3000-meter

OPP OG FRAM: Marius Vedvik er kjend som ein offensiv løpar på friidrettsbana. No tek han også i bruk høgdetrening for å nærme seg dei aller beste internasjonalt.

Foto: Rune Fossum / NRK

I motsetnad til dei aller fleste av konkurrentane sine, har Marius Vedvik aldri prøvd seg på trening i høgda. No skal han gjere noko med det.

– Eg satsar på at det kan gi meg eit løft, seier Vedvik til NRK.

Andre trenar opp mot 20 veker i høgda

23-åringen frå Førde starta med friidrett for berre fem år sidan, og har hatt enorm framgang på langdistansane. I fjor debuterte han i senior-EM og tok NM-gull på 5000 meter.

Denne sesongen har han senka sin eigen personlege rekord på 5000 meter med seks sekund – men det er litt for lite for ein som vil nærme seg dei aller beste internasjonalt.

Difor skal han i oktober trene to veker i franske Font-Romeu – på 1800 meters høgde.

– Dei som er på godt europeisk nivå trenar fort mellom 10 og 20 veker i høgda i året. Når eg har hatt null, blir det vanskeleg å konkurrere med dei, seier Vedvik og legg til:

– No må eg byrje å tette konkurransefortrinnet.

Marius Vedvik vinn spurtduellen på 5000 meter og vinne NM-gull på Jessheim i 2014.

VINN SPURTEN: Sjå Marius Vedvik spurte inn til sitt første NM-gull i 2014. Foto: Rune Fossum

Er villig til å ta risiko for å teste ut høgdetrening

Langdistanseløparen meiner han kan hente 10–15 sekund på ein 5000 meter dersom han får klaff med periodevis høgdetrening over eit halvt til eitt års tid.

Men han veit det kan vere skjær i sjøen.

– Det er jo tynn luft, og mange går på ein smell i høgda. Så eg må setje meg inn i korleis eg skal tilpasse meg slik trening, seier han.

– Det er ein sjanse å ta – for det kan slå ut begge vegar?

– Ja, det er klart. Men det kjem an på kor flink eg er til å ta det med ro dei første dagane. det er også litt gambling å gjere det rett før NM terrengløp, der eg skal konkurrere på dag éin etter 16 dagar i høgda. Men det er ein risiko eg er villig til å ta.

– No er det på tide å prøve noko nytt

Banesesongen er på oppløpet, men Vedvik står framfor ein haust med høg aktivitet på terrengløp. På programmet står NM, nordisk og EM.

Men det kanskje viktigaste for den vidare karrieren er høgdeopphaldet.

– Folk har spurt meg kvifor eg ikkje har gjort det før, men eg har tenkt at ein kan gjere det meste av trening i låglandet. Men no tenkjer eg at det er på tide å prøve noko nytt, seier Vedvik.