Hopp til innhold

Så mykje betyr landslagsuttaket

For aller første gong er Marius Vedvik inne i meisterskapsgruppa på landslaget.

Marius Vedvik på 10.000-meter i NM

SIKTAR HØGT: Marius Vedvik er nøgd med å ha fått ein plass i meisterskapsgruppa. Men han vil gjerne opp på elitelaget på sikt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er kjekt å bli sett pris på, og ikkje minst føle at forbundet har tru på meg som utøvar, seier Marius Vedvik.

Han er for første gong teken ut i den såkalla meisterskapsgruppa til friidrettsforbundet. Denne gruppa er eit landslagstilbod til utøvarar som er på nivå til EM-kravet, men som ikkje når heilt opp i elitegruppa – der utøvarane er på VM- og OL-nivå.

Betyr mykje både moralsk og praktisk

For Vedvik betyr uttaket eit solid sprang oppover på rangstigen i landslagsstrukturen. I meisterskapsgruppa får han selskap av mellom andre Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø og Trude Raad frå Gloppen.

Uttaket er svært viktig for den hardtsatsande langdistanseløparen. I fjor tok han sitt første NM-gull på 5000-meter. Han vart nummer 14 i EM.

– No får eg tett oppfølging frå apparatet på landslaget, eg får økonomisk støtte frå forbundet, tilgang til Olympiatoppen sine fasilitetar og god oppfølging når det gjeld stemne. Så det er klart det betyr mykje både moralsk og praktisk, seier Vedvik.

– Det gir meg motivasjon å vite at folk høgt oppe i forbundet har tru på meg.

Har mål om å springe seg inn på elitelaget

Det store målet for norske topputøvarar er VM i Beijing til hausten. Først neste år er det EM på bane, noko som er det mest aktuelle for Førde-løparen. I mellomtida er det nasjonale meisterskap, nokre større stemne i Nederland og Belgia, og EM i terrengløp i desember.

Vedvik meiner han har betre grunnlag enn tidlegare.

– Eg forventar å ha framgang på alt frå 1500-meter til 10.000-meter også i år. Så får vi sjå kor mykje eg kan presse tidene ned, seier han.

– På sikt er det neste målet å ta steget opp på elitenivå. Då skal eg kjempe om kvalifisering til OL og VM, seier Vedvik.