Hopp til innhold

Satsar alt på billett til Rio i 2016

For tre år sidan starta psykologistudent Marius Vedvik frå Førde å trene for fullt på løping. I år vil han sette nye krinsrekordar, og om tre år vil han stå på startstreken i OL i Rio.

Marius Vedvik

ÅLEINE: Løparmiljøet i Sunnfjord er lite, og Marius Vedvik spring no for Gular i Bergen. Han håper på nye krinsrekordar i løpet av den kommande sesongen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sesongoppkøyringa er i gang. Marius Vedvik er heime på påskeferie, slappar av og gjennomfører dei naudsynte treningsøktene.

OL i Rio de Janeiro

Det har gått unna sidan han for tre år sidan fann ut at det var løpar han skulle vere. I dag heng han med i noregstoppen, og han har måla klare for åra som kjem.

– Målet er deltaking i OL om tre år, og medalje i OL om sju år. Det er klart det er tøft å nå dei måla, men det er slikt som triggar meg. Slik ein får litt motivasjon i kvardagen.

– Kor mange sekund er det att før du er i Rio?

– Det er eitt minutt og 14 sekund på 5000 meter på tre år, seier løparen.

– Er det realistisk at ein førdianar får lov til å reise til Rio de Janeiro og springe der?

– Det er kanskje 20 prosent sjanse for at eg kan klare det, for eg er veldig målretta trenar hardt, og eg har hatt ein vanvittig framgang. Om eg trenar to gonger dagleg i tre år til, så får me sjå. Går det ikkje om tre år, så får eg satse fram mot neste OL, seier Vedvik.

Skal slette rekordar

Framgangen var stor i fjor, og Vedvik ventar framgang også i år. Hans eigne personlege rekordar ligg framleis nokre sekund bak krinsrekordane, men akkurat det skal Vedvik gjere noko med i år.

– Målet for sesongen er å slette krinsrekordane på tre-, fem og titusen meter. Eg skal melde overgang til Førde til sommaren, og så skal eg kvalifisere meg til U-23 EM i Finland, fortel Vedvik, som melder overgang frå Gular til Førde i nokre månader for å slå dei gamle krinsrekordane.

Rask framgang

Før han tok til med livet som langdistanseløpar dreiv Vedvik på med både handball, badminton, langrenn og ikkje minst fotball. Men etter at han i 2010 deltok på løpet «Rett Vest» i Flora har mykje skjedd fort.

– Det har gått veldig fort. Eg hadde 37 minutt på 10.000 meter for tre år sidan, og no har eg tretti blank. Eg skjønte ganske tidleg at eg hadde talent, sidan det gjekk såpass fort tidleg, seier Vedvik.

– Kan det vere du har tapt på å ha starta med løping såpass mykje seinare enn konkurrentane dine?

– Det er muleg eg har tapt litt. Eg har ein del å gå på i forhold til landstoppen. Men samstundes har eg eit meir allsidig grunnlag frå dei andre idrettane som gjer at eg får mindre skader og slikt, og det er eit pluss, seier Vedvik.

Studia må vike

Til vanleg studerer han psykologi ved Universitetet i Bergen, men om han må velje mellom tidkrevande studium eller løpinga, er han ikkje i tvil.

– Om det er noko som må vike, så er det studia, fordi eg satsar hardt. Men eg er veldig effektiv med studia, så det går greitt. Men eg kjem til å satse på løpinga, så får me sjå korleis det går med studia, seier 21-åringen.