Hopp til innhold

Marius satsa, men vart ikkje historisk

Marius Vedvik kjempa tappert i 3 000 meter. Men vart ni sekundar for sein til å bli historisk.

Marius Vedvik gjorde eit nytt forsøk på å bli førstemann under åtte minuttar på 3 000 meter.

SJÅ VIDEO: Marius Vedvik gjorde eit nytt forsøk på å bli førstemann frå fylket som gjer 3 000 meter på under åtte minuttar. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Under pausen i 16. mai-kampen mellom Florø og Førde sette han alle klutar til for å bli historisk.

Etter 3 000 meter framfor over 2.300 tilskodarar, vart Marius Vedvik klokka inn på åtte minuttar og ni sekund. Fem sekundar etter Sondre Nordstad Moen.

– Det gjekk bra første tusen, og på 2 000 gjekk det greitt. Men det vart for tunge bein mot slutten, vedgår Vedvik.

Dermed vart han ikkje første frå fylket på under åtte minuttar på 3 000 meteren.

– Eg er litt skuffa, men det var kjekt å springe framfor så mange. Det vart uansett ei oppleving, seier han.