Hopp til innhold

Så langt er 40 fuglar avliva i Nærbøparken

HÅ (NRK): Fleire fuglar har dauda som følgje av fugleinfluensa i parken på Nærbø. Nå er Mattilsynet i gang med avliving for å unngå meir smitte.

Fugleinfluensa i Nærbø fuglepark

Nærbøparken er eit rekreasjonsområde i Hå kommune med fleire ulike fugletypar.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det var torsdag ettermiddag det blei påvist fugleinfluensa hos ein daud kalkun i parken på Nærbø.

Parken blei stengt av Mattilsynet, og etterpå har dei funne fleire tilfelle av sjukdommen.

Ein del har dauda som følgje av sjukdommen, og fredag var Mattilsynet inne og avliva fleire fuglar som truleg er smitta.

Avliva fuglar på Nærbø

To unge påfuglar som Mattilsynet har avliva fredag.

Foto: Mattilsynet

– Vi har avliva fem påfuglar, fem høner og om lag 30 duer. Duene er avliva fordi dei hadde vore i same rom som dei smitta fuglane, seier seksjonssjef i Mattilsynet, Guro Myhrene.

Framleis står det att å avliva to påfuglar som kommunen ikkje har klart å fanga.

Ikkje farleg for menneske

Fugleinfluensa-typen er den same som tidlegare er påvist på to kortnebbgjæser i Sandnes. Dette betyr at det truleg er fleire villfuglar som er smitta.

I lys av dette meiner Mattilsynet at avlivinga ikkje er eit spesielt drastisk tiltak.

Fugleinfluensa i Nærbø fuglepark

Påfuglane i parken blir sett på som sjølve symbolet på Nærbø, nå skal alle avlivast. Påfuglen som det er bilde av her har kommunen framleis ikkje klart å fanga.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Dette er avgjerande for å stoppa smitten, og me i Mattilsynet gjer nå alt det vi kan for å stoppa smitten, seier Myhrene.

Sjukdomen skal ikkje vera farleg for menneske, men skrekkscenarioet er at det kommersielle fjørfehaldet skal bli ramma. Og det er det mykje av i Rogaland. 30 prosent av all egg- og kyllingproduksjon i landet føregår nemleg her.

Nærbøparken

Det var torsdag ettermiddag Nærbøparken blei sperra av for publikum. Ein daud kalkun fekk påvist smitte, og fleire fuglar var sjuke.

Foto: Sindre Berge

Portforbod for fuglar

– Derfor er det viktig at alle som har høner i hagen eller andre former for fjørfe lyttar til portforbodet som har kome frå Mattilsynet, og at alle er nøye på smittevern, seier Tone Steinsland, som er leiar i Rogaland fjørfelag.

På rugeriet hennar, som berre ligg ei halv mil frå fugleparken på Nærbø, blir det klekka 5 millionar kyllingar i året.

Portforbodet betyr at alle tamme fuglar skal vere under tak for å hindre smitte frå villfugl. Det vil i første omgang gjelda for fjørfe langs heile kysten, frå og med Østfold til og med Rogaland.

Fuglane som blei sjuke i parken på Nærbø blei det etter at dei blei flytta inn under tak. Det er denne flokken Mattilsynet nå er i gang med å avliva.

Det er berre ei halv mil frå rugeriet til Tone Steinsland og fugleparken på Nærbø.

Avliva fuglar på Nærbø

Tre av hønene som har blitt avliva.