Hopp til innhold

Fugleinfluensa oppdaga i Rogaland

Mattilsynet har fredag bekrefta at det er funne alvorleg fugleinfluensa på kortnebbgås i Sandnes. Langs kysten i Sør-Noreg blir det innført portforbod for fjørfe.

Fugleinfluensa

Risiko for at fugleinfluensa smitter til mennesker blir vurdert som svært låg, men dei som driv med fjørfe blir bedne om å halde tamfuglen gjerda inn og under tak.

Foto: NTB Scanpix

Ein villfugl i Rogaland har fått påvist fugleinfluensa, stadfester Mattilsynet fredag.

– Der er éin villfugl så langt, jobben vi gjer no er å forebygge ei eventuell spreiing frå villfugl til tamfugl, seier Ole-Herman Tronerud, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet til NRK.

Mattilsynet melder om portforbod for fjørfe i delar av landet, som følge av oppdaginga.

– Vi ber alle som ser daude fuglar om å varsle oss, slik at vi kan komme ut og teste for smitte. Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte til mennesker vurderes som svært lav, seier Tronerud.

25.000 kalkuner er funnet døde etter smitte av fugleinfluensa. Dette arkivbildet er tatt hos en annen kalkunoppdretter og har ingen sammenheng med det aktuelle utbruddet.

Det er ikkje kalkun, men kortnebbgås som det er funne fugleinfluensa på. Ein frykter influensaen kan spreie seg til tamfugl.

Foto: EDUARDO MUNOZ

Portforbodet betyr at alle tamme fugler skal vere under tak for å hindre smitte frå villfugl. Det vil i fyrste omgang gjelde for fjørfe langs hele kysten, frå og med Østfold til og med Rogaland.

– I tillegg vil alle hobbyfjørfehold måtte registrere seg sånn at vi får ein oversikt over kor det står fugl, seier Tronerud.

Spreier seg i Europa

Det er påvist fugleinfluensa av typen H5N8 som er høgpatogen, og kan gje meir alvorleg sjukdom hos fugl enn lågpatogene variantar.

Det er veterinærinstituttet som har analysert prøven.

– Samtidig ber vi om at ingen tar på sjuke og daude fuglar, då desse kan ha andre smittestoffer med seg som for eksempel salmonella, seier Tronerud.

Ole-Herman Tronerud

Mattilsynet er avhengig av tips fra publikum for å tidleg fange opp tilfeller av fugleinfluensa i Noreg, og Tronerud råder alle som finn daude andefugler (ender, gjess og svaner), måkefugler, vadere, rovfugler og åtseletere (kråke og ravn) til å kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

Eit anna utbrot blei fredag stadfesta av styresmaktene i Belgia, med den svært smittsame H5N5 fugleinfluensaen på ein gard, ifølge Reuters. Utbrotet drap 600 fuglar og gjorde at 151.000 andre måtte bli avliva

I tillegg til utbrotet i Belgia har Danmark heva risikonivået frå svært lavt til høgt for fugleinfluensa etter det blei oppdaga fugleinfluensa 6. november.

Ein potensiell pandemi

Ifølgje forskar ved OUS, Gunnveig Grødeland, er fugleinfluensa ein potensiell pandemi.

Ho har jobba i ti år med ein vaksine mot fugleinfluensa.

– Ein influensa som i teorien kan bli en langt større trugsel mot mennesker enn den pågående koronapandemien, ifølgje forskaren.

Fugleinfluensa

Slik ser fugleinfluensa-viruset ut.

Foto: Nova Scientia

Men seksjonssjefen i Mattilsynet seier risikoen for at influensaen skal smitte til mennesker er låg.

– Folkehelseinstituttet har vore tydelege på at det er låg risiko for smitte til mennesker, sjølv om det kan vere ein risiko, seier Tronerud.

Ifølgje Mattilsynet er det viktig at ein ikkje tek på fuglane når ein skal rapportere inn daude fuglar.