Dersom mor stemmer, er det 30 prosent større sjanse for at dei mellom 18 og 21 år bruker stemmeretten sin. Far sin påverknad er litt mindre enn mor sin, ifølgje forsking i Danmark (ekstern lenke).
– Eg trur det stemmer. Mamma dytter meg ikkje veldig mykje, men litt meir enn pappa i alle fall, seier førstegongsveljaren Hogne Melstveit Vigre.
Ho er avgangselev ved Bryne vidaregåande skule i Time.
Førstegongsveljarar og avgangselevane ved Bryne vidaregåande skule, Tord Høien Tengesdal, Hogne Melstveit Vigre og Silje Fagerland Olsen, skal bruke stemmeretten sin.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKMedelev Silje Fagerland Olsen er samd.
– Mamma er den som påverkar meg mest, slår førstegongsveljaren fast.
Dei tre elevane ved Bryne vidaregåande trur foreldra gjer at dei brukar stemmeretten.
– Eg har tenkt å stemme. Eg føler at stemma mi kan utgjere ein forskjell, så sjølvsagt nyttar eg meg av dette valet no, seier Tord Høien Tengesdal.
Gjer som mor di seier
Dei tre kommunane på Jæren, Klepp, Time og Hå, har starta ein valkampanje med mor i spissen. Oppmodinga er å dele bilete, historier og vekke valinteressa.
Fleire mødrer har brukt kreativiteten sin for å få dei unge til valurnene.
Mødrer på Jæren tar utradisjonelle verkemiddel i bruk for å få den oppveksande generasjonen til å stemme ved val.
Foto: Kommunane på JærenI Noreg var deltakings ved kommunevalet i 2019 64,8 prosent. I Klepp, Time og Hå var den litt høgare: I Klepp og Hå 65,5 prosent og 69,6 prosent i Time.
Valansvarleg i Hå kommune, Trude Høyland, trur superkrafta til mødrene på Jæren vil få fleire unge til å stemme i haust.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Hovudmålet med denne kampanjen er sjølvsagd å få auka valdeltakinga samanlikna med førre kommuneval. No er det alle mann til urnene, seier valansvarleg i Hå kommune, Trude Høyland.
Høyland understrekar at mødrer er fantastiske lærarar og gode rollemodellar.
– Vi ønskjer å heie fram jærske mødrer slik at dei veit kor viktige dei er for barna sine og samfunnet. Vi håpar alle mødrer på Jæren vil inspirere barna sine til å delta i valet, seier Høyland.
Anne Mari Taksdal har allereie stemt i stemmelokalet på Varhaug i Hå. Ho prøver påverke den oppveksande generasjonen til å bruke stemmeretten sin.
Anne Mari Taksdal er ei av mødrene som prøver så godt ho kan å oppmode dei unge til å bruke stemmeretten sin.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Eg prøver så godt eg kan, men om dei høyrer etter, er ei anna sak, seier Taksdal og smiler lurt.
Inn med morsmjølka
Statsvitar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger (UiS), stadfestar overfor jærkommunane kor viktig foreldra er for valdeltakinga.
– Tommelfingerregelen er at dersom foreldra stemmer, er det større sjanse for at barna stemmer. Når ungdommane flyttar vekk for å studere, så søkk ofte valdeltakinga. Då er avstanden til mor og far større, og dei er lengre vekke frå påverknaden til å gå og stemme, seier Tuastad ifølgje kommunen.
Valforskar ved Københavns Universitet, Kasper Møller Hansen understrekar at det er viktig barna lærer av foreldra sine å stemme.
– Om barna får vere med på valdagen, blir det å stemma noko naturleg, noko du får inn med morsmjølka, har valforskaren sagt til nettstaden Danske Regioner.