Det siste tiåret skjedde det noko på soverom over heile verda, også heime i Noreg:
Talet på tilfelle av den seksuelt overførbare infeksjonen gonore gjekk i taket.
Då koronapandemien kom og vi ikkje lenger fekk ha one night stands, fekk sjukdomen ein knekk.
Men problemet er langt frå borte.
Frå mange stadar i verda, frå Spania, USA og Storbritannia til Japan og Australia, kjem den same beskjeden:
Våre siste medisinar står i fare for å slutte å funke.
Smitten gjekk i taket
Øivind Jul Nilsen er seniorrådgjevar ved seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte ved FHI. Ifølgje han var ikkje gonore store problemet på 90-talet.
Då var frykta for HIV størst og folk var forsiktige med ubeskytta sex.
I Noreg hadde ein berre 10–20 årlege tilfelle av gonore hjå menn som har sex med menn – gruppa som er råka av brorparten av tilfella av gonore i dag.
På 2000-talet fekk ein god behandling for HIV. Det var framleis ein kronisk sjukdom, men noko som ein kunne leve med under behandling.
– Då frykta for ein dødeleg sjukdom vart borte, endra truleg seksuell åtferd seg. Ein hadde fleire partnarar, brukte mindre kondom og det vart større aktivitet i desse miljøa, seier Nilsen.
Då eksploderte talet på gonoretilfelle – heilt fram til koronapandemien trefte oss:
Talet på tilfelle i 2021 er enno uvisst. Talet i grafen er eit scenario der like mange vert smitta i november og desember som dei andre månadane hittil i år.
– Når vi får ein situasjon som korona, der utelivet vert lagt brakk, vi har sosial distansering og den seksuelle aktiviteten i heile gruppa går kraftig ned, vil dei som er smitta ikkje kunne smitte vidare, seier Nilsen.
Ein som allereie var smitta med gonore i anten anus eller halsen vil ofte bli kvitt infeksjonen sjølv utan behandling, fordi bakterien trivast dårleg i desse områda.
Slik vart «lageret» av all gonoresmitte i samfunnet sterkt svekka under pandemien, og talet på smitta stupte. Denne effekten håpar FHI skal vare ei stund.
– Vi er realistiske, so vi reknar jo med at smittepresset vil auke gradvis. Men det sprett ikkje opp til over tusen tilfelle i året slik vi hadde det før pandemien, seier Nilsen.
Men trass færre smitta – gonore vert vanskelegare å behandle for kvart år.
Når medisinen sluttar å fungere
Iren Høyland Löhr er avdelingsoverlege for medisinsk mikrobiologi ved Stavanger universitetssjukehus.
Ho leiar også ei forskingsgruppe ved sjukehuset som jobbar med resistensproblemet.
Löhr fortel at bakterien som gjev gonore er ein av dei som har størst potensial til å utvikle seg slik at antibiotika ikkje fungerer – altso antibiotikaresistens.
For mange infeksjonar har vi i Noreg enno ei løysing. I fall ein type antibiotika ikkje bit på, har vi som oftast noko anna å prøve.
– Men på eitt eller anna tidspunkt er det rett og slett ikkje fleire alternativ, seier Löhr.
– Om resistensen får breie om seg, står ein plutseleg utan behandling. Då kan gonore i verste fall bli eit alvorleg samfunnsproblem.
– Ei urovekkande utvikling
I dag brukast ceftriaxon som standardbehandling for gonore i Noreg. Det er ein medisin ein set med sprøyte og ein ganske kraftig antibiotika som skal verke mot mange ulike bakteriar.
Enn so lenge i Noreg har vi dei siste åra berre sett eitt tilfelle av gonorebakteriar som var resistente mot ceftriaxon.
– Men vi får stadig vekk rapportar, frå England til dømes, om ei urovekkande utvikling, seier Nilsen.
FHI fryktar at ceftriaxon ikkje vil vere like effektivt om nokre år, og då må ein gå over på nok ein ny antibiotika. Men lista over alternativ er ikkje lang.
– Arsenalet framover er avgrensa, seier Nilsen.
WHO har ein plan
Dr. Teodora Elvira Wi arbeider i Verdas helseorganisasjon (WHO) i Genève i Sveits.
Ho leiar arbeidet med å utvikle retningslinjer for seksuelt overførbare infeksjonar og overvake desse sjukdomane på global basis.
WHO har ein global plan for å handtere gonore, men det er ein tøff kamp.
– Eg trur det er eit dystert bilete. For nøkkelen til å kontrollere slike infeksjonar er å ha god behandling. Utan god behandling klarar vi ikkje kontrollere gonore, seier Wi.
Ho arbeider også spesifikt med gonorebakterien sin utvikling av antibiotikaresistens, og meiner dette er den største utfordringa med sjukdomen.
Fleire lyspunkt
Men der er lyspunkt her. Talet på tilfelle av gonore er like låge no som dei var for om lag ti år sidan, og det vi ta tid for sjukdomen å ta seg opp att.
Også når det kjem til resistens er ikkje alle tog gått. For det krev litt av ein bakterie å halde oppe resistens mot ein type antibiotika.
– I det augneblinken vi sluttar å bruke ein type antibiotika, vil resistenseigenskapane ofte spakne. Då kan det hende at vi om nokre år kan gå attende til å bruke enklare antibiotika igjen, seier Nilsen.
Helsedirektoratet har nyleg stramma endå meir inn på bruk av antibiotika i primærhelsetenesta for å bremse resistensutvikling.
Og forskarar er på sporet av det som kan bli ei vaksine mot gonore. Vaksinen vert no testa, og Wi trur den snart kan vere klar til bruk.
– Truleg innan tre til fem år. Vi er håpefulle og kryssar fingrane, seier ho.
Og fram til då er det ein billig og effektiv måte å beskytte seg mot gonore og andre seksuelt overførbare infeksjonar: kondomet.
– Folk vil ikkje alltid bruke kondom. Det er jo trass alt betre, kan det verke som, å gjere det utan enn med. Men vi kan ikkje gje opp på det heller, seier Nilsen.