Hopp til innhold

Tilbyr klamydiatest heim med hurtigmat: – Misvisande reklame, meiner spesialist

Ein ny kampanje gjer at ein kan bestilla klamydiatest saman med hurtigmaten «dagen derpå». Det bør ein ikkje gjere medisinsk sett, seier overlege og ekspert på kvinnehelse.

Tilde Broch Østborg

Tilde Broch Østborg meiner reklamen for klamydiatest dagen derpå er misvisane og spekulativ. Ho er til vanleg overlege ved Stavanger universitetssjukehus, men er no i permisjon.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Tilde Broch Østborg meiner reklamen for klamydiatest dagen derpå er misvisane og spekulativ. Ho er til vanleg overlege ved Stavanger universitetssjukehus, men er no i permisjon.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mange bestiller gjerne hurtigmat dagen etter ein fuktig kveld på byen.

No kan ein også bestille ein klamydiatest saman med burgaren dagen derpå.

Det har den digitale legetenesta maja.no og matleveringsplattforma Wolt gått saman for å tilby.

– Me vil gjere denne tenesta tilgjengeleg, og tilby det kundane har lyst på. Me er jo vande med å få mykje anna levert heim, seier Martine Flatlie som er marknadssjef i Maja.

Kampanjen starta for rundt to veker sidan, og er førebels berre i Oslo.

– Me har hatt god trafikk, og mange har nytta seg av det, seier Flatlie.

Men spesialisten på kvinnehelse er ikkje noko glad i den nye tenesta.

Maja og Wolt sin reklameplakat for fastfood og klamydiatest.

Maja og Wolt sin reklameplakat er å sjå fleire stadar i Oslo sentrum om dagen.

Foto: Are Annesønn Kalstad / Privat

– Misvisande reklame

«Hurtigmat kurerer berre halve fylleangsten», står det på reklameplakatane rundt i Oslo sentrum.

Ein tekst ein kan tykkje er gøy, men som også har fått kritiske tilbakemeldingar.

– Dette er ein misvisande reklame. Han seier ein kan kurere fylleangst ved å ta klamydiatest, men ein må vente i 14 dagar for å gjere det. Viss ikkje kan ein negativ test vere falsk negativ.

Det seier Tilde Broch Østborg som er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Ho er også overlege ved kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus.

– Det kan hende det kjem fram tydelegare når ein bestiller testen, men reklamen er spekulativt, seier ho.

Samstundes tykkjer ho at det er svært positivt at mange ønskjer å teste seg.

Tilde Broch Østborg

Overlegen seier det er positivt om fleire testar seg for seksuelt overførbare sjukdomar, men meiner den aktuelle kampanjen heller bidreg med feilinformasjon.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Gratis for alle – 349,- i kampanjen

Over heile landet er det eit utal stadar ein kan teste seg for seksuelt overførbare infeksjonar: hjå fastlegen, på helsestasjonar og klinikkar, studenthelsetenester og diverse private aktørar.

I Oslo, Akershus og Bergen kan ein også bestille klamydiatest på internett.

Og alt dette er gratis. Men det Maja sel gjennom Wolt i Oslo kostar 349 kroner.

NRK har vore i kontakt med FHI som understrekar at det ikkje skal vere vanskeleg for unge å finne eit gratistilbod i sitt område.

Dei skal heller ikkje vere kjend med område der det er vesentleg vanskeleg å få testa seg.

Forstår ikkje negativiteten

Flatlie seier ho ikkje skjønner negativiteten.

– Me opplever det som eit lite paradoks at helsepersonell er kritiske til dette tilbodet, fordi her speler me jo alle på same lag.

Ho meiner dei som kjem med kritikk ikkje har sett seg inn i det Maja.no driv med.

– Om ein kjøper testen står det at ein må vente i minimum ti dagar, og ein får ikkje bestilt før ein godtar dette. Men på ein reklameplakat kan me ikkje opplyse om alt.

Elles meiner Flatlie at maja.no berre er eit tillegg, og eventuelt alternativ til fastlegar.

– Me prøver ikkje å utkonkurrere dei. Me ønskjer berre å tilby ein litt enklare teneste enn noko anna. Folk har dårleg tid, og då er det betre å gjere det heimanfrå.

Martine Flatlie

Martine Flatlie er marknadssjef i Maja. Ho seier dei er stolte over å ha bidratt til at fleire tusen kvinner har testa seg gjennom tenestene deira.

Foto: Maja AS