Hopp til innhold

Ålgårdbanen vil kosta ein milliard kroner

Ei gjenopning av Ålgårdbanen vil krevja ei firedobling av befolkninga i Gjesdal og kosta ein milliard kroner. Det kan bli ein moglegheit, men langt inn i framtida.

Ålgårdbanen

Ålgårdbanen – her frå Ganddal – er ein draum for mange. Men dei som kjempar for ei gjenopning må truleg venta i fleire år til.

Foto: Ole Andreas Bø

Det er konklusjonen i ein studie som blei presentert i Gjesdal tysdag.

Det er kommunane Sandnes og Gjesdal, saman med Næringsforeininga i Stavanger-regionen, som har bede om ein analyse av moglegheitene for å opna banen igjen.

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), meiner studien gir håp for dei som vil køyra tog mellom Ålgård og Ganddal.

– Me har gått frå ein romantisk draum til nå ein studie som gir noko handfast når det gjeld transportbehov framover. Men det mest spanande er kanskje ikkje tatt med. Det går på moglegheitene for bustadbygging og næringsareal langs traseen.

– Betydelege investeringar

Pål Morten Borgli

Pål Morten Borgli (Frp), varaordførar i Sandnes.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

Togstrekket mellom Ganddal og Ålgård blei lagt ned på 50-talet. I fjor fekk fleire nytt håp om gjenopning då transportkomiteen i Stortinget gjekk inn for å greia ut framtida for Ålgårdbanen.

Men Jernbaneverket helte kaldt vatn i årene på entusiastane tysdag. Heile sørlandsbanen treng opprusting – før Ålgårdbanen – og E39 med fire felt til Ålgård er i direkte konkurranse med Ålgårdbanen.

– Når du bygger to kapasitetssterke system i same område vil gjerne bilisten vinna. Då er det berre å gå ut av døra, inn i bilen, reisa til arbeidsplassen og gå ut igjen, seier Lars Rugtvedt i Jernbaneverket.

Harald Minge

Harald Minge i Næringsforeininga i Stavanger-regionen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Rugtvedt understrekar at arbeidet med dobbeltspor frå Sandnes til Nærbø held fram, og at Jernbaneverket ikkje kjem til å bygga slik at ein hindrar at Jærbanen og Ålgårdbanen ein gong kan koplast saman.

– Veldig potensial

Jernbaneverket ser føre seg at samankoplinga kan skje i Ganddals-området. Dette har administrerande direktør i Næringsforeininga i Stavanger-regionen, Harald Minge, stor tru på.

– På sikt trur me dette kjem. Me ser eit veldig potensial her. Analysane viser opp mot 1,3 millionar reisande i året. Me må bu der det blir bygd kollektivtilbod.

Flere nyheter fra Rogaland