Hopp til innhold

Vil endra trasé for Ålgårdbanen

Venstre i Rogaland meiner det bør vurderast fleire trasé-alternativ for Ålgårdbanen.
Partiet støttar nå langt på veg eit privat forslag om å legga banen om Bogafjell.

Vil endra trasé for Ålgårdbanen

Frank Olsen er blant drygt 6.000 innbyggarar i den nye bydelen Bogafjell i Sandnes. Han skulle gjerne tatt bussen til jobben i Stavanger.

Men når bussen står i same kø som trafikken elles, blir bilen transportmiddelet til arbeid.

– Problemet er at bussen bruker like lang tid som bilen, då er det meir behageleg å køyra sjølv, seier Olsen frå huset sitt i øvre del av Bogafjell.

Nå vil han over på tog, og derfor har han spelt inn forslag om traséendring for Ålgårdbanen – dersom den bli opna igjen snart.

– Vil auka passasjergrunnlaget

Ålgårdbanen

Ålgårdbanen slik den ser ut ved Ganddal stasjon i dag.

Foto: Ole Andreas Bø

Togstrekningen mellom Ganddal og Ålgård er igjen på dagsorden etter at transportkomiteen på Stortinget nyleg gjekk inn for å greia ut framtida for Ålgårdbanen saman med ei utviding av Jærbanen.

– Banen bør leggast opp mellom Bogafjell og Håbafjell, og langs E39 forbi Bråstein og inn på den gamle traséen der. Ved å legga banen her vil ein oppnå ei auke i talet på potensielle passasjerar til 7-8.000, meiner Olsen.

Han peikar også på at E39 skal rustast opp i området til våren og at dette vil vera ein god sjanse til å legga jernbaneskjener på sida av.

– Det vil vera tungvint for oss å koma oss til Ålgårdbanen slik traseen er i dag, påpeikar Olsen, som har spelt forslaget om traséendring inn til politikarane.

Venstre: – Nye forslag styrkar prosjektet

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde, leiar Rogaland Venstre.

Foto: Ole Andreas Bø

Leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde, er blant politikarane som har stått i bresjen for å få nytt liv på Ålgårdbanene den siste tida.

Han er positiv til forslaget frå privatpersonen på Bogafjell.

– Alle gode forslag som kjem med i utgreiinga er bra og vil styrka Ålgårdbanen som prosjekt. Me må sjå på alle alternativ slik at me kan gjera det beste valet, seier Lunde.

Venstre-politikaren påpeikar også at Bogafjell manglar eit godt kollektivtilbod i dag.

– Samtidig er Ålgårdbanen trekt fram fordi det er eit relativt billeg prosjekt. Dette på grunn av at traséen alt er på plass. Men så lenge det nye forslaget ikkje kostar så mykje, er det veldig interessant, seier Lunde.

– Feil å legga om traséen

Trond Egil Aasen Bøe

Trond Egil Aasen Bøe, leiar Ålgårdbanens venner.

Foto: Ole Andreas Bø

Ålgårdbanens venner er på side klare på at det blir feil å laga ny trasé for den 11,9 kilometer lange jernbanestrekningen.

– Vårt hovudfokus er på den eksisterande traséen. Nøkkelen for å få Ålgårdbanen på skjener igjen er å sjå på dei moglegheitene som er i dag, seier Trond Egil Aasen Bøe, leiar i foreininga.

Aasen Bøe, som også er lokførar, påpeikar også at det er lite som skal til for å få den eksisterande banen i drift igjen og at den aldri er blitt formelt nedlagt.

– Den gamle traséen har eit bra passasjergrunnlag. Ved å legga om linja vil ein også mista ein del framtidige passasjerar i Bybåndet sør, meiner Aasen Bøe.

Ordførarane i Sandnes og Gjesdal seier det nye forslaget er interessant og at det må vurderast, men at ein må sjå på dei totale kostnadane.

Gjesdal har sett i gang ein mulegheitsstudie som skal vurdera kundegrunnlaget. Den skal vera klar på nyåret.