Hopp til innhold

– Nærmar seg gjenopning av Ålgårdbanen

Når Kongeparken nå har kasta seg på i debatten om Ålgårdbanen, meiner Heidi Bjerga (SV) at ei gjenopning er nærare enn nokon gong.

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga er fylkessekretær for Sosialistisk Venstreparti i Rogaland, og svært positiv til å opna Ålgårdbanen mellom Ganddal og Ålgård.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I går blei det kjent at dagleg leiar for lystparken Kongeparken, Håkon Lund, vil ha betre kollektivtilbod til Ålgård, og derfor ønsker ei gjenopning av Ålgårdbanen.

Det er også tverrpolitisk ønske frå lokalpolitikarane i Gjesdal, om å opna togstrekket mellom Ganddal og Ålgård, som blei lagt ned på 50-talet.

– Nærmare enn nokon gong

At Kongeparken nå kastar seg inn i debatten meiner fylkessekretær for Rogaland SV, Heidi Bjerga, er viktig for banen si framtid.

– Det er nærmare enn det har vore nokon gong. Me kan nok starta på noko i det små saman med Kongeparken, og deretter få ordinær drift på nokså kort sikt, seier Bjerga til NRK.no.

Heidi Bjerga i SV var primus motor for Ganddalsdagane i 1995, då det sist var tog på Ålgårdbanen. Banen som såleis er god nok for turistdrift på sommaren, seier ho. Og på lenger sikt kan bompengar finansiera dei 800 millionane det skal kosta å oppgradera banen til skikkeleg drift.

Kolumbus meiner kollektivtilbodet er godt nok

– Eg ser ikkje at det kjem ordinær drift neste år, men ei sommardrift. Utgreiingane som er gjort syner likevel at vanleg drift er mogleg ganske raskt. Banen er bygd på ein måte som gjer det greitt å oppgradera banen, seier Bjerga.

I sommar går bussen frå Nord-Jæren til Gjesdal berre ein gong i timen, og lystparken har sjølv sett opp ekstrabussar i helgene.

Men Kolumbus meiner strekninga frå Sandnes til Ålgård er godt nok dekka av dagens rutetilbod, skriv Stavanger Aftenblad.