Hopp til innhold

Mann dømd til fengsel for å ha skote ulv

Ein 35 år gammal mann i er i Øvre Romerike tingrett dømd til fengsel i fire månader for å ha felt ein ulv på Nes i Akershus august i fjor. – Ein skrekkeleg dom, meiner Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk.

Ulv

Ein mann er dømd til fengsel i fire månader for å skote ein ulv på Romerike.

Mannen blir også frådømd retten til å drive jakt og fangst i to år, i tillegg til inndraging av våpenet han nytta.

Saka vart meldt til politiet av Norges Miljøvernforbund. Juristen i forbundet, Jon Bakke, seier til NTB at han er godt nøgd med dommen, som ha meiner er ein viktig siger for vern av rovdyr

Åsmund Ystad

Dagleg leiar Åsmund Ystad i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk reagerer sterkt på dommen.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Det var 17. august i fjor at 35-åringen skaut ulven. Ulven var cirka 25 meter frå ei strauminnhegning der mannen hadde fire sauer gåande. Han hadde ikkje fellingsløyve, og retten meiner at det ikkje er snakk om lovleg naudverje.

– Ein skrekkeleg dom

Dagleg leiar i Folkeaksjonen Ny rovdyrpolitikk, Åsmund Ystad, reagerer sterkt på dommen, som han meiner er fjern frå dei realitetane som bønder som vil verne dyra sine mot rovdyr lever under. Han kallar dommen skrekkeleg.

– Det er uverdig å bli straffa så hardt for å prøve å berge dyra sine. Vi må berre jobbe vidare for å endre lovverket. Vi kan ikkje ha det slik ute i distrikta, seier Ystad til NRK.no.

Han meiner det er naudsynt for bønder å ha eit visst handlingsrom. Dei må kunne ta ei vurdering der og då utan å måtte gå gjennom eit ritual først.

– Dette handlar om ein ulv som kan angripe raskt, og då må ein også raskt ta avgjerda om kva ein skal gjere, legg han til.

Han synest denne dommen liknar på den svenske lova om naudrett, som vart endra for fem år sidan. Den lova gav løyve til å skyte om det var eit vedvarande angrep eller eit angrep nummer to. Men den lova vart sjølvsagt endra, seier Ystad.

– Skade på naturmangfaldet

Retten meiner at den ulovlege fellinga av ulven har gjort betydeleg skade på naturmangfaldet, og viser blant anna til at ulven er ei kritisk trua art her i landet, etter lista over trua dyreartar frå 2010. Retten meiner det er spesielt viktig at ulven har eit strengt vern i ulvesona.

I formildande retning legg Øvre Romerike tingrett vekt på at mannen sjølv melde frå til politiet om det han hadde gjort.

Det går fram av dommen at retten har lagt vekt på at det ikkje var snakk om eit direkte angrep frå ulven mot sauane, og at det er vesentleg at det var eit elektrisk gjerde mellom ulven og sauane.

Ikkje varselskot

Retten var delt i spørsmålet om tiltalte kunne klandrast for å ha trudd at ulven var i direkte angrep. Dei var derimot samrøystes i at han faktisk hadde alternativ, for eksempel å avfyre varselskot, og at tiltalte var klar over dette.

Det var såleis full semje i retten om at mannen hadde handla med forsett då han felte ulven, utan først å prøve andre alternativ.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger