Hopp til innhold

Polske leiarar snakkar ut om hemmeleg CIA-fengsel

Aldri før har leiarane i Polen vore så nær ved å erkjenne at CIA opererte eit hemmeleg torturfengsel i landet for snart ti år sidan.

CIA-fengsel i Polen

I nærleiken av dette tårnet skal CIA operert eit hemmeleg fengsel for Al Quaida-medlemmar frå 2002 til 2003.

Foto: Czarek Sokolowski / Ap

I årevis har politikarar og journalistar ledd av påstandar om at Polen har latt CIA operere eit hemmeleg fengsel i landet. Men ein politisk debatt i landet i førre veke viste korleis denne oppfatninga har forandra seg dramatisk.

I ein serie med avsløringar, har polske leiarar aldri vore så nær ved å erkjenne at USA har styrt eit hemmeleg fengsel for terrormistenkte i 2002 og 2003.

Skuffa over Washington

Donald Tusk

Donald Tusk har hauste ros frå fleire menneskerettsgrupper etter å ha uttrykt eit ønske om å ta eit oppgjer med CIA-mistankene.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Mange uttrykker at dei er skuffa over Washington for å ha utnytta det unge demokratiet, både etisk og lovleg.

Statsminister Donald Tusk sa torsdag at Polen har blitt det «politiske offeret» etter at lekkasjar frå offisielle i USA sette lys på det hemmelege anti-terrorprogrammet.

Vidare sa han at det er viktig for Polen å få alle opplysningar på bordet om kva som er skjedd, for å sikre dei demokratiske prinsippa i landet.

– Polen skal ikkje lenger vere eit land der politikarar – sjølv i allianse med verdas største supermakt – kan gjere avtalar under bordet, som aldri får sjå dagens lys, sa Tusk som kom til makta to år etter at fengselet vart stengt.

– Polen er eit demokrati der nasjonal og internasjonal rett må vere følgt. Desse opplysningane skal bli undersøkt. La det vere ingen tvil om det, verken i Polen eller på den andre sida av Atlanterhavet, sa Tusk.

Rosar Polen

Mange er glad for at makthavarar i Polen endeleg tek opp spørsmål om CIA-fengselet seriøst. Menneskerettsadvokat ved Helsinki-stiftinga i Warszawa, Adam Bodnar, seier at utsegna statsminister Donald Tusk er historiske.

– Desse utsegna er svært forskjellig frå tidlegare. Ein kan kjenne at noko er i lufta, og at dette er ein indirekte stadfesting på at CIA-fengsla har eksistert, seier Bodnar.

(artikkelen held fram under biletet)

Szczytno-Szymany, CIA-flyplass i Polen

Dette biletet viser tårnet i Szczytno-Szymany-flyplassen i Szmany i Polen. Her skal CIA ha transport Al Qaida-fangar til det polske CIA-fengselet.

Foto: Artur Reszko / Afp

Offentlegheita i Polen har lenge ledd av påstandane om CIA-involveringa i landet, til og med då ein FN-rapport stadfesta at dei var involvert i landet. Men i 2008 starta debatten å rulle opp, då det vart starta ein uavhengig etterforsking i landet.

På tysdag førre veke kom eit nytt vendepunkt i saka, då avisa Gazeta Wyborcza rapporterte at pålalemakten i Polen har tiltalt ein tidlegare spionsjef for å ha gjort ein avtale om bygging av CIA-fengselet. Spionsjefen ville ikkje kommentere skuldingane overfor Associated Press, men nekta heller ikkje for dei.

Kan gi store konsekvensar

Saka kan få svært store konsekvensar for tidlegare polske politikarar som kan ha visst om anlegget. Dei vil då ha brote den polske grunnlova, som seier at ingen framande makter kan ha kontroll over polsk territorium. I teorien kan desse bli dømt for brotsverk mot menneskeslekta.

Tidlegare CIA-toppar har fortalt AP at fengselet i Polen eksisterte frå desember 2002 til hausten 2003. Det skal ha bli utført røffe avhøringstekninkkar og tortur gjennom metoden waterboarding. Menneskerettsgrupper reknar med at rundt åtte terrormistenkte var sperra inne i Polen, blant anna Khalid Sheikh Mohammed, som er rekna som ein av arkitektane bak 11. september-åtaket.

Polen er det einaste landet som har starta ein seriøs undersøking om hemmeleg CIA-aktivitet. Det meiner Bodnar er eit teikn på at det 23 år gamle demokratiet er begynt å bli svært modent.

– Polen fortener ros for å ha teke steget til å bli det første europeiske landet som tek eit oppgjer med CIA-aktivitet på eiga jord, seier menneskerettsadvokaten.

CIA i Noreg

Også i Noreg har det kome sterke indikasjonar på CIA-aktivitet. Sola lufthamn i Stavanger skal ha vore ein hyppig mellomstasjon for fangetransport av CIA-fangar.

Ifølgje Stavanger Aftenblad har 12 til 15 fly med tilknyting til CIA landa på Sola sidan 2003.

Ingen styresmakter i Noreg har nokon gong teke til orde for å undersøkje opplysningane nærare.

AKTUELT NÅ