Døden gjennom taket

25. mars publiserer organisasjonen World Central Kitchen ein video.

Den viser australske Lalzawmi Frankcom som lagar mat ved eit provisorisk kjøkken i Deir al-Balah i Gaza.

Zomi, som ho kalla seg, har vore hjelpearbeidar for WCK sidan 2019. Familien seier til The Guardian at ho blei drepen medan ho gjorde jobben ho elska.

I det same videoklippet frå WCK er polske Damian Sobol.

Også han, tre britar, ein kanadisk-amerikanar og ein palestinar, blei drepne seint 1. april.

Då sende det israelske forsvaret (IDF) ein rakett, som slo ned gjennom logoen til World Central Kitchen.

Israel trefte til saman tre bilar i kolonna. Mellom første og andre bil var det ca. 1 km. Mellom andre og tredje bil var det ca. 2 km.

Israel har stadfesta at dei står bak angrepet, men hevdar at dei sju dødsfalla var utilsikta.

Bilane køyrde i eit område der det ikkje var kamphandlingar. Det israelske forsvaret visste om dei, meiner WCK.

– Dette er ein tragedie. Hjelpearbeiderar og sivile skal aldri vera eit mål. Aldri.

World Central Kitchen på X

WCK driv fleire enn 60 kjøkken både sør og sentralt på Gazastripa.

Dei har bygd ein eigen molo for å frakte naudhjelp inn sjøvegen.

Den første sendinga kom inn til Gaza 15. mars. Kolonnen som blei angripen var med i den andre.

Allereie tysdag var det minnestund for den palestinske hjelpearbeidaren som døydde, Seif Issam Abu Taha. Familien fortel at han køyrde ein av bilane.

No ventar dei på at ambassadane skal ta kontakt, fortel sjukehusdirektør Marwan al-Homs til NRK.

Dei seks andre kroppane låg framleis her tysdag ettermiddag, på eit sjukehus i sørlege Gaza.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal