Ein Hercules type C130J landa med båra til Siri Skare på Gardermoen klokka 12.01.
Då det kom inn for landing, hadde det ein motor av, som eit teikn på at det hadde ein fallen person om bord.
Eit bårelag henta ut båra og frakta den til den tradisjonelle båreseremonien.
– Blir djupt sakna
Forsvarsminister Grete Faremo var til stades, saman med ei rekkje andre forsvarstoppar, kronprins Haakon og representantar frå regjeringa.
– Eg er takknamleg for dei som tek på seg slike oppdrag. Dette var ein verdig seremoni, sa Faremo.
Minneseremonien gjekk føre seg inne i hangaren på Gardermoen.
Der fekk pårørande og familien saman med det offisielle Noreg høyre representantar frå Forsvaret og ein prest tale.
– Siri Skare var ei positiv, glad og målretta kvinne. Ho var lun og full av latter og hadde genuin omtanke for menneske ho hadde rundt seg, gav råd, mot og styrke til dei, sa generalinspektør for Lufforsvaret Finn Kristian Hannestad om sin falne kollega.
Det var stor kontrast mellom det varme vårværet og den triste seremonien. Inne i hangaren kunne ein høyre vinden ule.
– Luftforsvaret har misst ein kollega som blir djupt sakna, sa Hannestad før han overleverte båra til familien.
– Usedvanleg viljesterk
Feltprest Elisabeth Løvlien fortalde om eit sakn som mange haruttrykt i kondolanseprotokollen. Ho har merka seg at mange fortel om eit usedvanleg viljesterkt menneske.
Ho fortalde også at mange kjenner eit sakn etter Siri Skare, sjølv om dei ikkje har kjent ho personleg.
– På same måte som det har ein pris å kjempe for fred, har det ein pris å ha nokon å vere glade i, sa ho.
Feltprest Løvlien heidra Siri Skare fordi ho heile sitt liv kjempa for det ho trudde på, og peikte på at Skare arbeidde for å skape fred i eit krigsherja land.
– Menneske ho ein dag snakka fortruleg med, vart ei rasande menneskemasse som angreip ho, sa Løvlien.
Drepen i hemnangrep
Siri Skare var ein av minst 20 personar som vart drepne i eit
.Rasande demonstrantar protesterte mot koranbrenning i USA, og sette fyr på bygget der dei FN-tilsette jobba.
Fleire av demonstrantane skal ha teke seg inn i bygget og skote rundt seg.
- Les:
- Les:
Båra til Skare blir er tiande som blir henta heim til Noreg frå Afhganistan sidan 2002. Hercules-flyet som frakta båra, var ein versjon av flytypen som Skare sjølv flaug i fleire år. Flyet er valt som ein gest frå Forsvaret.
- Les også:
- Les også: