– Det er ein kraftig medlemsauke på eit halvår, meir enn vi nokon gong har hatt, seier Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag.
Ho har sett medlemsmassen vekse frå 4019 til 4531, og forklarar auken med lærarkonflikten.
– Vi har ikkje hatt så sterk vekst nokon gong, det er heilt eksepsjonelt, seier Paulsen.
Skuleleiarane styrkar seg
Skolelederforbundet organiserer blant anna rektorar. Også dei kan glede seg over at skulekonflikten verkar mobiliserande på medlemstalet.
430 nyinnmeldingar og ein nettovekst på 328 medlemmar er vesentleg for eit forbund med rundt 3000 medlemmar.
– Dette er meir enn vi brukar å få i ein slik periode, seier leiar Solveig Hvidsten Dahl til NRK.
– Det er vel nærliggande å tru at lærarkonflikten er ein medverkande årsak. Vi veit at mange av dei som melder seg inn ønskjer å markere at dei har eit leiarperspektiv på jobben sin. Mykje av veksten skuldast nok det.
Også Utdanningsforbundet organiserer skuleleiarar, men Dahl veit ikkje kor mange av dei nye medlemmane som kjem frå konkurrenten.
Les:
Les:
Flest til den største
For sjølv om Utdanningsforbundet tidlegare i år tapte medlemmer, er den også den av organisasjonane som har fått flest nye medlemmar i løpet av året. Men den største lærarorganisasjonen meiner ikkje at veksten i år er ekstraordinær.
– Hovudtariffoppgjer er mobiliserande, mange uorganiserte melder seg inn då, seier pressesjef Nina Hulthin i Utdanningsforbundet.
I vår opplevde Utdanningsforbundet at dei mista 500 medlemmar på fire veker då mange mobiliserte mot leiinga sitt anbefalte forslag til tariffavtale.
Men den avskallinga ser ut til å ha stoppa opp. Frå nyttår til utgangen av juli har Utdanningsforbundet fått 1317 nye medlemmer og er totalt oppe i ein medlemsmasse på 158.774.
– Det er ein oppgang vi forventa, seier Hulthin til NRK.
LO-forbundet Skolenes Landsforbund har også ein mindre medlemsvekst sidan nyttår.
Musikernes fellesorganisasjon har også lærar-medlemmar i streik, men knytter ikkje medlemsauken til skulekonflikten.
Les også: