Hopp til innhold

Slik unngår du brann i jula

Dobbel så mange døyr i husbrannar i desember, samanlikna med resten av månadane i året.

Juletre i brann

Illustrasjonsfoto: Eit juletre kan ta fyr i løpet av få sekund.

Foto: Marc F. Henning / AP

Advents- og julefeiringa er prega av mange tradisjonar, men diverre er det også nokon ikkje fullt så hyggelege tradisjonar i kjølvatnet av kosen.

– Adventsstaken, julestjerna og juletrelysa er brannskaparar. Når du reiser bort frå huset er det lurt å slå av desse og ikkje minst om natta, slik at det ikkje begynner å brenne mens du søv, seier Lars Dyrstad, El-Tilsynet i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk Nett til NRK.

Dyster statistikk

Per 30. november i år har 54 menneske omkomme i brannar i Noreg. 33 menn, 17 kvinner og fire barn under 16 år.

Desember og spesielt dagane mellom vesle julaftan og nyttårsaftan er årets klart mest brannfarlege periode.

– Det døyr dobbelt så mange menneske i bustadbrannar i desember som snittet for resten av året. Dette prøver vi å gjere noko med gjennom ein årleg aksjon, seier Dyrstad.

Aksjon bustadbrann

Adventskrans

Adventsstaken er kjelde til mange bustadbrannar i desember.

Foto: Illustrasjon

Aksjon boligbrann er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.

Startskotet går 1. desember med Røykvarslarens dag og held fram med ein landsomfattande bustadkontroll over tre dagar. Målet for aksjonen er å sette søkjelys på branntryggleik i private heimar.

Sidan aksjonen starta i 2003 har det vore ein markert nedgang i talet på bustadbrannar i denne perioden. I 2002 var det 102 bustadbrannar i perioden 23. desember - 31. desember. I fjor var dette talet mer enn halvert til 49.

Røykvarslar, komfyr og evakuering

500 000 personar i Noreg har ikkje tilstrekkeleg varsling i heimane sine om det begynner å brenne. Dei kring 40 000 husstandane som får besøk i desse dagar blir mellom anna minna på å ha røykvarslaren i orden.

– Vi har hovudfokus på det å varsle brann og kontrollere røykvarslaren. Vi testar at røykvarslarane fungerer hos folk og om dei har dårlege batteri, får dei nye, seier Lars Dyrstad.

Statistikk viser at kvar tiande bustadbrann startar på komfyren.

– Under juleførebuingane er smoltgrytene i fokus. Nokon gonger blir vi forstyrra og gløymer dei, så vi vil sette fokus på komfyren og brannane som startar der, legg Dyrstad til.

Det siste sjekkpunktet til kontrollørane er å be folk tenkje gjennom korleis dei opptrer om det begynner å brenne og korleis dei kjem seg ut.