Hopp til innhold

22. juli-støttegruppa kompenserer for varierande kommuneoppfølging

Støttegruppa etter 22. juli fortel om varierande oppfølging frå kommunane. Med pengar frå fylkeshald får dei derimot kompensert for mykje. – Vi opplever samlingane som viktigare enn nokon gang.

Samling i Ålesund

Laurdag var støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal samla i Ålesund. Temaet var meistring og humør, og leiar Hege Løseth fortel at samlingane er viktigare enn nokon gang.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det seier Hege Løseth, leiar for støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal. Støttegruppa var laurdag samla i Ålesund.

– Hovudsaka er at vi skal kunne ta eitt steg lenger, ved å meistre utfordringane ein står ovanfor, sa Løseth.

– Det er ikkje nødvendigvis knytt berre opp mot 22. juli. Det er viktige ting i livet uansett, og kva ein møter av utfordringar. Det er fokus på humør og humor som hjelp i vanskelege livssituasjonar.

Samlinga hadde Sven Svebak som gjest og foredragshaldar. Han er professor emeritus i psykologi og medisin ved NTNU i Trondheim.

Temaet var humør og meistring.

Saka held fram under bildet.

Hege Løseth og Sven Svebak

Leiar for støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal, Hege Løseth, saman med professor Sven Svebak. Han er professor emeritus i psykologi og medisin, og var laurdag i Ålesund for å prate om humøret og meistring.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

«Offentleg stempla godkjentheit»

– Eg pratar om moglegheitene vi har som menneske. Både der vi grev oss ned i elendigheit og påfører oss sjølv dårleg humør.

– Men den andre sida, med kva det er som hjelp oss til det motsette, er mest i fokus. For vi har store talent for å skape godt humør og ein betre kvardag. Ofte uforløyste talent, seier Svebak.

Sven Svebak

Sven Svebak er svært klar på at det er viktig med folk rundt seg når ein er i ein dårleg situasjon.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Han er klar på at dei etterlatne etter 22. juli er éi av mange grupper som kan og har det tøft.

– Det er ei offentleg stempla godkjentheit i at desse har det ille. Men det er mange menneske som har det like ille, og kanskje verre.

– Det kan vere folk som slit i einsemd. Samlingar som denne i Ålesund er svært viktig. Ein må møte folk og ha eit forum, for det er glimrande draghjelp vidare i livet.

Svebak meiner det å prate med andre kan spare ein for både psykisk og fysisk dårleg helse i framtida.

Ekstra viktig no som medietrykket har lagt seg

Løseth i støttegruppa ser kor viktig samlinga er for etterlatne og overlevande.

– Folk får sjå framover og sjå lyst på ting. Det har vore fliring og låge skuldrer.

– Og det er godt å kjenne at det blir sagt noko ein kjenner seg igjen i. Utan at det blir dramatisert og sjukleggjort, seier Løseth.

Ho meiner samlingar og samvær har blitt spesielt viktig etter at 22. juli-trykket har gått litt over.

– Trykket har lagt seg, og folk kan tenkje at det ikkje er like viktig lenger. Vi opplever det viktigare enn nokon gang.

– Her i fylket er det 13 råka kommunar, og det er langt mellom kommunane. Så vi har ingen fast møteplass, noko som gjer slike samlingar ekstra verdifulle, seier Løseth til NRK.no.

Hege Løseth

Hege Løseth er leiar i støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal. Hennar dotter overlevde terroren på Utøya.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Svært varierande oppfølging

Dei mange råka kommunane i Noreg gjer òg at oppfølginga er veldig forskjellig frå stad til stad.

– Det varierer veldig, og det er vi klare over. Vi har sjølvsagt sett ord på det, til både Fylkesmannen og til støttegruppa, fortel Løseth.

I kommunane seier Løseth at mange får melding om «at dei må ta kontakt om det er noko».

– Vi saknar den proaktive aktiviteten som ein har forventa. Nokre har fått hjelp, andre har ikkje.

– Nokre har opplevd å ikkje bli kontakta i det heile. På tysdag skal støttegruppa ha møte med helse- og omsorgsministeren (journ. anm. Jonas Gahr Støre). Då skal vi kome med konkrete eksempel på kva som fungerer og ikkje fungerer. Det har han bedt om, og vi skal kome med innspel.

På kommuneplan fortel Løseth at ho trur det står på organiseringa.

– Alle kommunar har fått tildelt pengar. Kunnskapane kan nok variere, men eg trur dette går på organisering. Den varierande oppfølginga gjer vel at vi kompenserer for det no, med samling.

Støttegruppa vil ikkje ha «all merksemda»

På samlinga i Ålesund var medlemmer frå både Hordaland og Sogn og Fjordane til stades. Dei ville sjå korleis arrangementet var løyst.

– Her har vi vore heldige og fått midlar frå Fylkesmannen. Utan midlane hadde det aldri gått.

Løseth fortel om utelukkande positive tilbakemeldingar til samlinga. For henne sjølv er samlingane svært viktige, og framover har ho eit håp om at oppfølginga for både Støttegruppa og andre blir betra.

– Det er ikkje enkelt for enkeltkommunar med god oppfølging. Vi må likevel vere tydelege på at «slik kan det ikkje vere».

– Dette gjeld uansett kven som blir råka. Det er sentralt for oss. Enkeltfamilien som har mista eit born i sjukdom eller ei trafikkulukke har ei like stor sorg og tapet er like stort. Oppfølginga er like viktig der, meiner Løseth.

Dermed meiner ho løyvingar – til samlingar som den støttegruppa for 22. juli i Møre og Romsdal hadde laurdag – blir viktig framover.

– Alle kommunar har noko å lære i det å kunne tilby direkte og proaktiv hjelp. Å sitje på gjerdet og seie «at ein må ta kontakt» fungerer ikkje, avsluttar Støttegruppe-leiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL