Hopp til innhold

Tente på badet med vilje

Éin mann er arrestert etter å ha starta ein brann i eigen firemannsbustad. Det opplyser operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Brann Dimna

Naudetatane er på plass på Dimna i kveld, men sikta er det verre med i stormvêret.

Foto: Mats-Robin Moldskred

Politiet på Sunnmøre meldte tysdag kveld klokka 22.15 om brann i ein firemannsbustad på Dimna seint tysdag kveld.

Ifølgje operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug er éin mann arrestert etter å ha starta brannen på badet.

– Det vi kan seie er at vi fekk melding like etter kl. 22.00 om brann i firemannsbustad på Dimna. Då vi kom til staden arresterte vi ein person i femtiåra, og sikta han for eldspåsetjing.

Valderhaug seier brannen fann stad like etter avkøyringa til Dimna i Ulstein. Operasjonsleiaren seier den arresterte femtiåringen vil bli køyrt til Ålesund og sett i arrest.

– Innrømmer eldspåsetjinga

– Veit de noko om bakgrunnen for eldspåsetjinga?

– Vi vil ikkje kome innpå årsak til hendinga, men den sikta har innrømt forholdet.

Valderhaug stadfestar at fire personar budde i huset, og at alle kom seg ut. Éin av personane – ei kvinne – vil verte undersøkt av helsepersonell på staden.

Skadane på bustaden er avgrensa til badet, samt røykskadar.

Saka vert etterforska av lensmannen i Ulstein og Hareid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL