Hopp til innhold

Ordføraren kjenner seg att frå sin eigen ungdom

I går var det premiere på serien Utkant på NRK3, som viste ungdomar frå Øksendal på Nordmøre som festa i fjøset og brennmerka rumpeballane til kvarandre. Ordførar Ståle Refstie meiner det var god reklame.

Utkant

Med symbolet for norsk raudt fe vert venene i Øksendal svimerka.

Foto: NRK

Ståle Refstie

Ordførar Ståle Refstie kjenner seg godt att i ungdomane frå Øksendal og meiner at dei teikna eit positivt bilete av livet på bygda.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Gårsdagens episode av serien Utkant har vore det store samtaletemaet i Sunndal kommune i dag. Der fekk sjåarane vere med ungkar Lars Peder Stave og venene hans på alt ifrå åkerrally til fest i fjøset.

Ordførar i Sunndal kommune, Ståle Refstie er ikkje redd for at alle fordomar mot bygdeungdomen vart stadfesta. Tvert imot.

– Eg synest serien er kjempemessig og føler at ungdomane vart presentert både som kreative og ressurssterke, seier Refstie. Han karakteriserer episoden som eit ærleg bilete av ungdomen.

Artig på bygda

Utkant

Lars Peder Stave er på fest saman med kompisane sine.

Foto: NRK

Lars Peder Stave vart med i serien for å vise kor artig det er å bu på bygda og kor sterkt samhaldet er.

– Eg håper folk ser at vi berre er oss sjølve. Det er sjølvsagt mange tullingar som bur her også, men vi er ekte, seier Lars Peder til NRK.

Kjenner seg att

Utkant

Rally på åkeren er ein av aktivitetane i Øksendal.

Alle ordførar Ståle Refstie har prata med i dag, likte biletet som vart teikna av Øksendalungdomen.

– Eg kjenner meg att frå min eigen ungdom. På bygda må ein lage underhaldninga sjølv, seier ordføraren.

På fest

– Kva tenkjer du om at det var mykje alkohol med i programmet?

Å gå på fest er ikkje eit bygdefenomen. Der er byungdomen ikkje noko betre, seier Refstie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL