Hopp til innhold

Her er bustadprisane så høge at paret må bu i hytte

Bustadprisane i Ulsteinvik er så høge at Cecilie Roppen (25) og Christoffer Overvåg (26) bur i hytte. Før snøen kjem må dei finne seg ein annan stad å bu.

Må bu i hytte

Cecilie Roppen og Christoffer Overvåg må bu i hytte fordi bustadprisane er så høge.

Foto: Stine Mari Skeide

Sambuarparet flytte tilbake til heimkommunen sin Ulstein etter å ha fullført studie i Trondheim. Dei hadde håpa å finne seg ein bustad til rundt 2,2 millionar kroner i Ulsteinvik, men det er ikkje råd i den pressa bustadmarknaden, skriv Nærnett.

Å leige er heller ikkje eit alternativ.

– Det er dyrt å leige bustad i Ulsteinvik og utvalet er dårleg. Det er ofte dyrare å leige enn å betale ned på eit bustadlån

Det seier Cecilie Roppen.

Må bu i hytte

Når vinteren kjem vert ikkje vegen brøyta. Dermed må hastar det å finne seg noko anna.

Foto: Stine Mari Skeide

Bur i hytte på fjellet

I påvente av å finne ein bustad dei har råd til, må dei dermed bu i ei hytte utan vaskemaskin, oppvaskmaskin og skikkelege kokemoglegheiter.

Internett har dei heller ikkje, og dermed må dei heim til foreldra for å betale rekningar i nettbanken og vaske klede.

Det hastar med å finne seg ein annan stad å bu. Når vinteren kjem, brøytar ikkje plogen vegen fram til hyttene og det vert vanskeleg å ta seg fram i djupsnøen.

Cecilie Roppen og Christoffer Overvåg

Paret har vore på fleire visningar, men finn ingen bustad i passande pris.

Foto: Stine Mari Skeide

Pressa til høgt lån

Fleire gongar den siste tida har dei vore på visningar, men bustadane er for dyre. Dei kan ikkje ta opp lån på nærare tre millionar kroner.

Paret føler seg pressa til å betale over takst, og syns det er skummelt å skulle ta på seg eit høgre lån enn nødvendig når dei er så unge, skriv Nærnett.

– Ulsteinvik er dyrt, men det er her vi vil bu. Vi har venene og familiane vår her, difor er ikkje andre kommunar attraktive for oss. Det er her vi høyrer heime, seier Cecilie.

Christoffer synest at det er bittert at prisane har stige så mykje at dei ikkje har råd til ein bustad, trass høg utdanning og gode jobbar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL