Hopp til innhold

Uroa for ryktespreiing om norsk fisk

Enorme mengder radioaktivt materiale ligg lagra under havoverflata, berre 60 mil frå Noreg. – Det har inga betydning for norsk fisk i dag, fortel leiar i Fiskebåtreiaranes forbund.

Nye opplysninger viser at russerne har dumpet langt mer atomavfall i Barentshavet og Karahavet enn det som tidligere har vært kjent.

Nye opplysningar viser at russarane har dumpa langt meir atomavfall i Barentshavet og Karahavet enn det som tidlegare har vore kjent.

Per Strand

Per Strand er avdelingsdirektør i Statens strålevern.

Foto: NRK

I alt 17.000 konteinarar og 19 skip, fullasta av radioaktivt materiale, ligg lagra under havoverflata i Karahavet. I tillegg er der fleire atomubåtar med reaktorar om bord.

Tala er større enn tidlegare anteke, og éin av ubåtane uroar både russisk og norsk strålevern.

– Dei meiner at det er større skader i ubåten, og at det har vore auka risiko for lekkasje. På russisk sida har dei antyda om ein mogleg ukontrollert kjedereaksjon, seier avdelingsdirektør i Statens strålevern, Per Strand.

Om ikkje lenge skal Statens strålevern på synfaring til Karahavet, berre 60 mil frå Noreg.

Dette er første gong på 18 år at norsk strålevern får lov til å måle radioaktiviteten rundt atomsøppelet. Forskarane er spent på resultat.

– No har det ligge der i mange år, og alt slikt materiale kan lekke over tid. Det blir interessant å studere kva tilstanden er no, seier Bjørn Lind, toktleiar i Statens strålevern.

Bjørn Lind

Bjørn Lind i Statens strålevern er spent på kva resultata etter synfaringa blir.

Foto: NRK
Tore Roaldsnes

Tore Roaldsnes meiner fisken ikkje skal lide av atomavfallet.

Foto: NRK

Meiner fisken ikkje blir påverka

Allereie på 60- og 70-talet får Fiskebåtreiaranes Forbund klar over atomavfallet.

– Men at omfanget no har auka, det er veldig uheldig.

Det seier Tore Roaldsnes, styreleiar i forbundet. Han meiner atomavfallet ikkje skal ha innverknad på norsk fiske i Barentshavet.

– Det har inga betydning for fisken i dag. Det har vore overvaka sidan 90-talet.

– Det viktige no er å få kontroll, for så å sørgje for at det blir rydda opp, seier Roaldsnes til NRK.

Det einaste som uroar Roaldsnes er rykta som fort kan spreie seg.

– Det uroar med på lang sikt.

– Norsk fisk skal vere rein og sunn. Det er veldig viktig for oss å dokumentere også for framtida, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL