Hopp til innhold

Grått vêr for «Saudehornet rett opp»

Motbakkeløpet «Saudehornet rett opp» vart i stor stas arrangert for tiande gong. Men fleire ønskte seg finare vêr på veg til toppen. Torbjørn Thorsen Ludvigsen var første mann opp.

Saudehornet rett opp fra Ørsta

Fleire meinte at vêret kunne vore betre under årets «Saudehornet rett opp».

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det våte vêret sette ingen stoppar for motbakkespesialisten Torbjørn Ludvigsen. Han var nemleg vinnaren av årets «Saudehornet rett opp», og kom til toppen etter 52 minutt.

I dameklassa var det May Britt Buer som kapra førsteplassen, og ho kom fram om lag åtte minutt etter Ludvigsen.

Ville sjå utsikta

Henning Røyset med medalje etter Saudehornet rett opp 2012

Henning Røyset har vore på Saudehornet før, men har enno ikkje sett utsikta skikkeleg.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Medalje Saudehornet rett opp 2012

Her er medaljen Røyset fekk etter å ha gått til topps.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Saudehornet rett opp - Inge Ose - deltager

Inge Ose var også ein av deltakarane i årets «Saudehornet rett opp».

Foto: Brede Røsjø / NRK

Henning Røyset var også ein av deltakarane i årets motbakkeløp. Han skulle ønskje at dei slapp tåka.

– Det var mykje tåke på toppen. Men det er fin temperatur, så det går veldig greitt. Det har vore skodde dei to siste åra eg har gått her, så eg må nok gå neste år også for å få med meg utsikta, seier Røyset.

– Vêret skulle vore annleis

Fleire meinte at vêret kunne vore betre. Blant dei var deltakaren Inge Ose. Halvvegs til toppen og godt motivert seier Ose at han er klar for å klatre seg vidare.

– Det går greitt, og no skal vi til topps. Utsikta har vi sett før, så den er det ikkje så nøye med. Men det er likevel litt trist at vêret vart slik. Men no får vi sige vidare, sa Ose.

Fleire resultat kan du finne på «Saudehornet rett opp» si heimeside.

Motbakkeløpet som startar i Ørsta sentrum og endar opp rett ved toppen av Saudehornet som er 1303 meter over havet. «Frå tareblad til tinderad», som dei skriv på heimesida si. I år er det tiande gongen «Saudehornet rett opp» vert arrangert.

Inge Ose på veg videre i Saudehornet rett opp

Her er Inge Ose og turkameraten på ved vidare mot toppen av Saudehornet.

Foto: Brede Røsjø / NRK