Hopp til innhold

Landa i Noreg i natt – no skal han spele cupkamp i Ulsteinvik

Ålesundsmann Kristoffer Tollås har fleire sesongar i både Hødd og Aalesund bak seg. No er han Asker-spelar, og vil slå ut gamle lagkameratar på Høddvoll. Det vil han gjere utkvilt – for Tollås kom frå Syden i natt.

Sindre Eid og Lars Arne Nilsen

Sindre Eid (t.h.), her saman med Lars Arne Nilsen, hugsar godt Kristoffer Tollås si tid i Hødd.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg tenkjer at vi har alt å vinne, og vi skal marsjere ut på Høddvoll og kose oss i dag.

Det seier Kristoffer Tollås. Han er opphavleg frå Ålesund, og har spelt toppfotball for både Aalesund og Hødd. I Hødd er han framleis eit namn som blir hugsa.

– Kristoffer var her i 2005 og var fantastisk for oss, seier assistenttrenar i Hødd, Sindre Eid.

Eid er tidlegare midtstoppar i Hødd, og spelte saman med Tollås.

– Kristoffer er ein klassespelar, med enormt gode ferdigheiter. Vi må passe på han, og vi håper han ikkje har ein fantastisk kamp i dag.

– Heldigvis kjenner vi han godt, men det blir artig å sjå han på Høddvoll igjen, nikkar Eid.

– Hødd-familien er fantastisk

Han spelte i Hødd gjennom heile 2005, der han scora 10 mål og inspirerte mange unge Hødd-spelarar. I 2006 blei han henta tilbake til Aalesund, der han var utlånt frå, før han enda opp i Skeid etter ein kort visitt innom Hødd igjen.

Sindre Eid

Sindre Eid var har mange gode minner frå cupen bak seg. Han hugsar også tida saman med Kristoffer Tollås – som no er Asker-spelar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg hugsar tida i Hødd veldig godt, og eg gler meg veldig. Eg har hatt veldig mange artige kampar på Høddvoll.

– Og Hødd-familien er fantastisk. Eg gler meg til å sjå dei igjen, og det blir kjekt å entre banen, seier den rolege mannen frå Ålesund.

Kom heim frå Syden – i natt(!)

Kampen på Høddvoll går på mange måtar mellom to Askeladdar. Hødd ligg i botnen av 1. divisjon, medan Asker ligg midt i 2. divisjon, avdeling 4. Trenarane frå begge sider var storfornøgde med trekninga.

– Vi har hatt flyten i våre kampar, mot Bærum og Stabæk, der vi har vore solide. Det er ikkje ufortent at vi er i 4. runde, og med tanke på avansement så er Hødd mogleg å ta, seier Tollås.

Asker hadde derimot ikkje tatt høgde for å kome så langt i cupen.

– Eg forstår det slik at du kom heim frå ferie i natt?

– Hehe, det stemmer det. Sånn blei det.

– Vi har kort fotballferie, og vi spelarane var tidleg ute og booka reisene våre. Men det er berre artig. Vi er utkvilte og vil gjere det beste ut av ting, humrar Tollås.

– Ei kjempemoglegheit for oss

Hødd er favorittar på Høddvoll, men Tollås har god tru.

– Vi har lagt ein slagplan, og den skal vi følgje. Samtidig må vi senke skuldrene og kose oss. Vi skal spele ball og kose oss, og forhåpentlegvis held det til kvartfinale.

I Hødd-leiren er dei derimot klare på at dei ikkje vil stå for ei cupbombe.

– Dette er ein veldig stor kamp for oss. Hødd har ikkje vore i kvartfinale sidan 1995, seier Eid – som sjølv spelte semifinale i 95' mot Rosenborg.

– Vi var heldige med trekninga, og dette er ei kjempemoglegheit for oss. Vi er favorittar, og til vanleg skal vi slå Asker heime.

Men cupen har alltid vore uregjerleg.

– Det er éin kamp, 90 minutt og alt kan skje. Vi må vere minst like skjerpa som i kva som helst slags seriekamp, avsluttar Eid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL