Hopp til innhold

Til Amazonas med stil

Tre norske ungdommar får reise til Amazonas etter å ha vunne ein stilkonkurranse. Stilane handlar om regnskogen og følgjene av kokainhandelen i området.

Tore Mork Svartøien

Tore Mork Svartøien er reiseklar. Ein vinnarstil har gitt han høve til å vitje Amazonas.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er nettstaden cocain.no som står bak konkurransen. Dette er ein nettstad som ønskjer å fokusere på følgjene av kokainkonsumet, og skadeverknadene på produksjons- og transittlanda i Larin-Amerika og Vest-Afrika.

Narkotikapolitiet Colombia

Her går narkotikapolitiet i Colombia hardt til verks mot et kokainlager 25. januar i år.

Foto: JOHN VIZCAINO / Reuters

Konkurransen blei vunnden av Nanna Lilletvedt Sæten (16) frå Bergen, Tore Mork Svartøien (19) frå Molde og Signe Bekmand Tangen (18) frå Tønsberg.

– Eg er reiseklar

No er det klart for avreise og Tore Mork Svartøien er klar til å forlate Molde for ei stund.

– Eg har pakka og alt er klart til å reise, seier Tore Mork Svartøien.

Regnskog og kokain

Vinnarane skal besøke Peru, Brasil og Colombia. Dei skal innom hovudstaden i Colombia, Bogota, som er kjend som eit senter for kokainhandel. I oppgåva si skulle dei ta utgangspunkt om tilhøva i området i det sørlege Amerika.

Colombia kokain

Denne kokainfabrikken blei avslørt i oktober 2011.

Foto: JOHN VIZCAINO / Reuters

– Oppgåva var eigentleg veldig fri. Eg visste ikkje kva eg skulle skrive. Men eg skulle vise problema som oppstår når regnskogen blir hogd ned raskt, og følgjene av kokainhandelen i området, fortel Svartøien.

– Visste du noko om dette før du byrja å skrive?

– Eg hadde lite kunnskap om dette. Eg såg nokre TV-program om Amazonas og henta litt inspirasjon frå syster mi, som har vore i Afrika.

– Forestilte meg mange scener

Tore Mork Svartøien har kalla stilen sin «Amazonas – et levande maleri». Han tek utgangspunkt i ein fisk han har i akvariet sitt heime i Molde. Sugemallen høyrer opphavleg heime i Amazonas-elva. Fisken han har heime i akvariet blir ein raud tråd, eit kontaktpunkt, mellom oss i vår del av verda og det som utspelar seg på godt og vondt på andre sida av kloden.

– Eg forestilte meg mange forskjellige scener som kunne skje i jungelen. Problemet var at dei var så forskjellige og hadde lite med kvarandre å gjere. Då skreiv eg inn ein fisk som eg veit er frå Amazonas. Eg har ein slik fisk i akvariet mitt også, fortel Svartøien.

– Har lært mykje

Tore Mork Svartøien seier han har lært mykje om det som skjer i området i samband med arbeidet med stilen. I stilen skaper han ei truverdig stemning av korleis det kan vere i Amazonas. Juryen har merka seg måten han brukar den vesle akvariefisken, og at han har eit nært og uventa perspektiv på det som skjer i regnskogen.

– No har eg lest mykje på internett om kva som skjer i Colombia. Det er sjokkerande. Det er ikkje berre regnskogen som lid. Det er drap der også. Folk døyr på grunn av kokainhandelen, og folkestammar blir utrydda, seier Tore Mork Svartøien.

Det er Stiftelsen Golden Colombia og cocain.no som står bak konkurransen. I juryen sat forfattar Kjartan Fløgstad og forlagsredaktør i Tiden, Richard Aarø. Ungdommane reiser søndag 26. februar og kjem tilbake måndag 5. mars.