Hopp til innhold

- Endeleg finevêr

Sola har skine frå nesten skyfri himmel mange stader i dag, og folk har nytta mulegheita til bruke dagen utandørs. For 34 år gamle Tom Henrik Muggerud i Ulsteinvik var det fyste gong med ski på beina på 20 år.

Har du bilete frå finevêrsdagen? Send dei til oss på mr@nrk.no

Elddåp

Den fyste skituren gjekk til Gamleeidet mellom Hareid og Ulstein på Søre Sunnmøre.

Tom Henrik Muggerud

Tom Henrik Muggerud frå Ulstein på tur til Gamleeidet på Søre Sunnmøre.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

– Det var utruleg kjekt! Mykje lettare enn eg hadde trudd, fortel Muggerud.

Sist han brukte ski knakk dei. Då var han på leirskule på Vaksvikfjellet i Ørskog på Sunnmøre og var 11 år.

– Så i dag var det ein slags elddåp, seier Muggerud.

Både på ved Gamleeidet og mange andre stader har det vore rapportert om fulle skiløyper i dag.

– Herleg med finvêr

Karoline Nerli

Karoline Nerli på tur i det fine vintervêret.

Foto: Karoline Nerli

Men det er ikkje berre ski folk har vore ute på. Mange har òg teke seg ein gåtur, slik som Karoline Nerli. Ho tok beina fatt og gjekk seg ein lang tur rundt omkring sentrum av Valldal for å nyte det etterlengta finvêret.

– Det var veldig herleg og kome seg ut. Det har vore altfor mykje dårleg vêr, seier Nerli etter turen.

Mest snø på Vestlandet

Snørappoteringa til skiinfo.no viser at anlegga på Vestlandet er dei skisentra i Noreg som har mest snø.

Hordaland toppar lista med 340 cm i Røldal, 310 cm i Voss Fjellandsby og 290 cm på Voss Resort Bavallen. Deretter følgjer Stryn og Harpefossen i Sogn og Fjordane, og Strandafjellet i Møre og Romsdal.

God dag for skisentra

Og snøen i kombinasjon med det fine vêret har sett ut til å gi både Strandafjellet og andre skisenter ein god dag.

– Sist eg sjekka var det nesten 1 500 enkeltgjester som hadde teke heisa på Roald. Det er mykje for å vere ein søndag i januar, fortel dagleg leiar ved Strandafjellet skisenter, Stian Græsdal.

I tillegg er berre halvparten av heisane ved skisenteret er ope på grunn av skadar etter Dagmar som framleis ikkje er fiksa.

Les meir: Store skader på Strandafjellet

– Når ein tek det òg i betraktning så er det jo veldig bra at her har vore innom så mange. Her har jo vore ein knall dag med sol som varma, seier Græsdal.

Meir godt vêr?

Mange stiller seg no spørsmålet: Vil vêret vare?

Sjekk korleis vêret blir der du bor på yr.no .

I midten av neste veke vil eit kraftig lågtrykk gå inn i Norskehavet og bevege seg nordover. Temperaturane vil stige på grunn av dette.

– Det inneber mykje vind både på Vestlandet, i Sør-Noreg og oppover mot Midt-Noreg og Nord-Noreg etter kvart. I visse område på Vestlandet og nordover vil vinden bli av stormstyrke, seier Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt til NRK.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL