Hopp til innhold

Ny ferje doblar kapasiteten

Det var stor jubel på Smøla i dag. Nyeferja MF Edøyfjord vart døypt, med Helen Skogan som gudmor. Når ferja blir sett inn i sambandet Edøya-Sandvika om nokre dagar vil kapasiteten bli nær dobla.

Gudmor Helen Skogan og Sigurd Sletta

STOR STAS: Gudmor Helen Skogan og kaptein Sigurd Sletta.

Foto: Roar Halten / NRK

For eit øysamfunn som Smøla er det ekstra spesielt å få ei ny ferje, og det var svært mange som hadde møtt opp for å få med seg dåpen.

Betre kvardag

Edøyfjord og gamleferja Tustna

TAR OVER: Edøyfjord tar over for gamleferja Tustna.

Foto: Roar Halten / NRK

Administrerande direktør i Fjord1 MRF, Anker Grøvdal, meiner Edøyfjord vil gi ein ny kvardag for brukarane av sambandet.

– Vi har plass til 50 bilar for kvar avgang, mot 30 som er dagens løysing. Ferja er bygd for å gå utaskjers, og vi er trygge for at ho vil gi eit stabilt samband, seier Grøvdal.

Ferja har også utsiktssalong, og gir mindre støy, lovar reiarlaget.

Den nye ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde. Ferja har plass til 146 passasjerar med mannskapet.

Sjå video:

Video Edøyfjord til Smøla

Edøyfjord til Smøla

Pengar til korpset

Dåp Edøyfjord

DÅP: Om lag 500 hadde møtt opp for å få med seg ferjedåpen i dag.

Foto: Roar Halten / NRK

Ferja er bygd av Fiskerstrand BLRT AS. Dei hadde klart å halde budsjettet så godt ved bygginga, at dei hadde ei overrasking på lur under dagens dåp.

– Det var det som førte til mest jubel på Smøla i dag, fortel NRK-reporter Roar Halten.

– Verftet hadde med seg 15.000 kroner til korpset på Smøla.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL