Hopp til innhold

Sakna kvinne funnen død

Ei kvinne i 50 åra som laurdag kveld vart meldt sakna i Ulsteinvik er funnen død.

Leiteaksjon Ulsteinvik

FUNNEN i HAMNEBASSENGET: Kvinna i 50 åra vart funnen død i hamnebassenget i Ulsteinvik tidleg sundag morgon.

Foto: Kristian Våge

Leitaksjon Ulsteinvik

FUNNEN i HAMNEBASSENGET: Det var ei kvinne i 50 åra som vart funnen død i sjøen i Ulsteinvik.

Foto: Linda Eikrem / NRK
Leiteaksjon Ulsteinvik

LEITEAKSJON: Mannskap frå politiet, redningsskøyta, dykkarar frå brannvesenet, ambulansehelikopter og Røde Kors blei sett inn i søket etter kvinna.

Foto: Linda Eikrem / NRK

Kvinna vart meldt sakna klokka 21:15 laurdag kveld og tidleg sundag morgon vart kvinna funnen død i sjøen ved Ulsteinvik sentrum.

– Klokka 05:20 så vart den sakna funnen omkommen i sjøen i Ulsteinvik. Politiet vurderer obduksjon, men vil presisera at me ikkje har nokon grunn til å mistenka at det har skjedd noko kriminelt, fortel operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Politiet opplyser at dei har varsla dei pårørande til kvinna og at det er der saka står no.

Ytterlegare etterforskingsskritt må eventuelt bli over helga, seier Ødegård.

– Har politiet nokon tanke om kva som kan ha skjedd?

– Nei, det vil me ikkje spekulera i.

Ikkje frå Ulsteinvik

Den siste kontakten nokon hadde med kvinna var kring klokka 15:00 på ettermiddagen laurdag. Kvinna er ikkje heimehøyrande i Ulsteinvik.

– Me held med varsling av pårørande og me seier ikkje meir enn at det var ei kvinne i 50-åra som var på besøk i Ulsteinvik, seier operasjonsleiar Ødegård.

Leiteaksjon Ulsteinvik

LEITAR: Redningsskøyta deltok i søket natt til sundag.

Foto: Kristian Våge

God hjelp under leiteaksjonen

Politiet seier dei har hadde god bistand av mange etatar under leiteaksjonen laurdag kveld og natt til sundag.

– Me har hatt ute dykkarar frå Ålesund brannvesen, redningsskøyta, Røde Kors har gjort ein flott innsats med båt også. Og me har hatt ute ambulansehelikopteret, seier Ødegård.

Halv fire i natt avslutta dykkarar søket og mannskap frå Røde Kors og redningsskøyta haldt fram med overflatesøk og strandsøk til kvinna vart funnen i hamnebassenget i Ulsteinvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL