Hopp til innhold

Kjempefly med turistar til Israel

Det er det største flyet som nokon gong har teke av frå flyplassen på Vigra i Ålesund. Og det er første gong det går direktefly frå Ålesund til Israel. Tryggleikskontrollen har aldri før vore så streng på Vigra som han var denne måndags ettermiddagen.

Fly Vigra Israel

Dette er det største flyet som har vore på Vigra nokon gong. I dag tok det med seg passasjerar til Tel Aviv i Israel.

Foto: Tor Hånde / Luftfartsverket

Det var mange rekordar som blei sett på Ålesund lufthamn, Vigra i dag. Eit fly med plass til 270 passasjerar tok av i retning Tel Aviv. Aldri før har eit så stort fly vore på denne flyplassen.

Bernhard Brynestad, Olav Tryggestad, Alfhild Tryggestad

Bernhard Brynestad, Olav Tryggestad, Alfhild Tryggestad like før dei sette seg på flyet til Tel Aviv.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

– No skal vi til Genesaretsjøen, vi skal besøkje fødselskyrkja i Betlehem, vi skal til området der Dødehavs-rullane blei funne og vi skal til Golgata, fortel Bernhard Brynestad frå Sjøholt.

Flyet er heilt på grensa til det som er mogleg å bruke på flyplassen på Vigra slik han er utrusta i dag. Sjølv om flyet har plass til 270 passasjerar, var det berre 210 passasjerar om bord. Hadde flyet vore fullsett, måtte flyet ha mellomlanda for å fylle drivstoff.

Ekstra tryggingstiltak

Dei store flya som i dag trafikkerer Vigra tek mellom 180 og 200 passasjerar. Skulle det bli meir vanleg med så store fly, burde rullebana forlengast, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

Tor Hånde

Tor Hånde er lufthamnsjef på Vigra.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

– Dette er ein merkedag for oss. Dette er det største flyet som har vore på Vigra nokon gong, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

Inneber det noko spesielt for dykk at dette er eit direktefly til ein israelsk flyplass?

Ja, det blir eit litt spesielt opplegg når det skal flyge til Israel. Israelarane har mykje strengare reglar for tryggleik enn det som er vanleg i Europa. Så det har vore litt spesielt med fleire israelske tryggleiksvakter her, seier Hånde.

– Det kan vere ei bombe

I tillegg til 15 israelske vakter, måtte passasjerane gjennom intervju og ekstra tryggleikskontroll for å få reise.

Jon Teigen

Jon Teigen i SI reiser.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

– Vi er kanskje litt naive her oppe i Noreg. Vi trur at alt er trygt og at alle er til å stole på. No har vi hatt ein grufull terroraksjon på norsk jord. Men slikt er kvardagen for folk i Israel. Dei spør mellom anna om dei har fått med seg noko frå nokon, som for eksempel kan vere ei gåve. Utgangspunktet er at ei slik gåve kan vere ei bombe, seier Jon Teigen i SI-reiser.

– I Jesus sine fotspor

Slike historiske bibelturar er no i ferd med å bli meir og meir populære. Denne turen blir arrangert av SI Reiser i Ålesund.

Vi har operert på Israel i 24 år. For oss som kristne er dette eit av dei mest spennande reisemåla vi kan tenkje oss. Det var jo der vår kulturs vogge sto. Vi seier at dette er turar ned til Jesus sine fotspor, seier Teigen.

– Og dette er det mange som vil vere med på?

– Vi opplever det slik at trafikken til Israel aukar kraftig. For få år sidan var det ganske utenkjeleg å setje opp eigne fly til Israel. Då var vi ein liten operatør som sende små grupper på rutefly. Vi er ganske stolte når vi no kan setje opp store fly, til og med frå Ålesund, seier Teigen.