Hopp til innhold

- Stor grunn til å vere ekstra på vakt

Fleire sauebønder i fylket meiner at jerven er i gang med å ta sau og lam på beite. Fylkesmannen oppfordrar sauebønder i utsette strøk om å starte sankinga tidleg.

Jerv

Det er ikkje berre om vinteren jerven er ein trussel. Det er som regel i august jerven startar å ta lam og sau.

Foto: Asgeir Kvalvik

August er tradisjonelt sett tida då jerven startar å ta lam og sau.

Hovudsakleg et jerven reinsdyr, men i sørlegare strøk vert ofte smågnagarar, rev, hare, hønsefugl og sau ofte mat.

Fleire kadaver funnen

Sauebønder både i Sunndal, Surnadal, Rauma og Nesset har meldt at dei saknar lam på beite, og at det er funne kadaver dei trur er tekne av jerv.

– Ja, vi har registrert frå fleire område at det er tap i saueflokken. Derfor er det grunn til å vere ekstra på vakt å gå ekstra tilsyn for å prøve å få ei god oversikt over situasjonen, og eventuelt ta heim beitedyra, seier Åshild Melkeraaen i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.

Ingen bevis

Åshild Melkeraaen

Åshild Melkeraaen i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen ber folk vere på vakt og gå ekstra tilsyn no som jerven kan vere ein trussel.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Ingen av sauebøndene i fylket har bevis på at det er jerven som har teke lamma eller sauane.

Ifølgje Statens naturoppsyn er ingen av dei åtte sauekadavera som til no er dokumentert, eller anteke drepne av freda rovdyr, tekne av jerv.

– Men ofte finn ein kadavera i seinaste laget. Då er dei såpass ille medfarne at vi ikkje klarer å påvise kva som er dødsårsaka, seier Melkeraaen.

Pass på

For nokre veker sidan vart ein voksen sau drepen av bjørn i Grøvudalen i Sunndal. Gaupe har teke fire lam i Surnadal og Nesset, medan kongeørna har teke lam i Nesset og Stranda. Uansett om det er jerven eller andre dyr som er på ferde, er det grunn til å passe på, meiner Melkeraaen.

– Det er god grunn til å vere ekstra på vakt å gå ekstra tilsyn for å prøve å få ei god oversikt over situasjonen, og eventuelt ta heim beitedyra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL