Hopp til innhold

Garasje og bil stod i full fyr

Ei garasje og ein bil vart totalskadd i ein brann i Ulsteinvik i natt.

Brann i garasje Ulsteinvik

Brannvesenet har sløkt flammane som stod ut av personbilen.

Foto: John Birger Våge

Politiet fekk melding om brannen klokka 03.08.

Brannvesen og politi rykte ut, men garasja stod allereie i full fyr då dei kom fram.

Ulovleg rakettoppskyting

19.12: Ein politipatrulje og ambulansehelikopter søkte i eit område på Ikornes i Sykkylven etter at to personar meldte om at nokon hadde sendt opp naudrakettar der. Søket vart avslutta klokka 20.19, etter at nye vitne meldte om at raketten mest sannsynleg vart sendt opp frå eit bustadområde.

21.00: Redningsskøyta og losskøyta søkte i Hessafjorden etter at ein naudrakett vart sendt opp. Søket vart avslutta utan funn.

22.42: Politiet måtte ta hand om ein rusa mann i 70-åra frå Molde, som hadde ringt på på fleire hus i Sunndalsøra. Dei som budde der vart skremde og politiet køyrde mannen heim til Molde.

23.50: To menn på 45 og 29 år frå Kristiansund vart pågripne på Gomalandet. Den eine hadde ei mindre mengd heroin og den andre ei mindre mengd hasj. Begge vart lauslatt etter avhøyr.

00.36: Ein 20-åring vart pågripen av politiet i Ålesund etter valdsbruk på ein fest på Emblemssanden. To av dei vel hundre festdeltakarane vil melde 20-åringen for vald, samt skadeverk på ein moped.

01.30: Ein politipatrulje rykte ut då ein ny naudrakett vart sendt ut frå Slinningsodden. Politiet fekk ikkje tak i gjerningsmannen.

Vald og innbrot

01.58: Ein mann vart slått ned og fråstolen kredittkort i Skolegata i Kristiansund. To ungdommar stakk frå staden. Politiet i Krsund etterforskar saka og etterlyser vitne.

02.07: Ein mann i 20-åra braut seg inn i huset til eit ektepar i Ulsteinvik. Politiet pågreip han i nærleiken av bustaden, og han vart teken med til sentralarresten i Ålesund. Politiet i Ulstein og Hareid etterforskar saka.

02.58: Ein mann i slutten av 20-åra vart frakta til sjukehuset i Molde for observasjonetter at han vart slått ned i Eide sentrum. Gjerningsmannen er kjent.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL