Hopp til innhold

Vill køyretur i Ørsta

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etter å ha køyrd på parkerte bilar, stolpar, bussskur og gjennom eit beite med vettskremde sauer, enda ferda i klørne på politiet.

Klokka 02.43 i natt fekk politiet melding om ein bilførar i Ørsta som hadde ein heller merkeleg oppførsel.

Bilen tok laust frå Essostasjonen i Ørsta, køyrde på parkerte bilar, via stolpar og heldt fram på hovudvegen mot Volda.

På Hovdenakken vart føraren stoppa av politiet, og vedkomande er mistenkt for promillekøyring.

Skremde sauer og køyrde på busskur

Den strabasiøse køyreturen resulterte i betydelege skadar på tre personar sin eigedom, blant anna eit busskur og ein skiltstolpe. Beitande sauer som ante fred og ingen fare vart også offer for føraren. Bilen var nemleg også nedom ei beitemark, og øydelagde delar av eit elektrisk gjerde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL