Hopp til innhold

Pop med folkehøgskule

Aldri før har så mange unge valt å søkje på ein folkehøgskule som i år. Og snart 6000 unge menn og kvinner har allereie fått beskjeden dei ville ha. Frå hausten har dei fått plass ved ein folkehøgskule.

Nordmøre folkehøgskule

Elevar ved Nordmøre folkehøgskule har set opp musikal. Her får elevane utfalde seg på scena og lære mykje nytt.

Foto: Nordmøre folkehøgskule

Høyr saka her:

Kvifor vil så mange unge bruke eit år på noko som ikkje gir dei ei utdanning?

Søkartala til norske folkehøgskular er høgare enn nokon gong, og i snitt er 83 prosent av plassane allereie fylt opp.

Kristian Lund Silseth som er rektor ved Nordmøre folkehøgskule seier at dei har 220 søkarar til dei 80 plassane ved skulen.

Det er ny rekord.

– Eg trur mange andre utdanningstilbod har vorte meir teoretiske og einsretta, og at det er ei av årsakene til at fleire vil ta seg eit år på folkehøgskule, fortel Lund Silseth.

Les også:

Nordmøre folkehøgskule

Kampsport er eit anna populært tilbod ved Nordmøre folkehøgskule.

Foto: Nordmøre folkehøgskule

– Gir mykje livserfaring

Linja for kampsport ved Nordmøre folkehøgskule er Tore Sandnes sitt val for neste skuleår. Moldeguten flyttar nordover til Surnadal til hausten.

– Eg ser fram til å drive med noko eg tykkjer er veldig artig og utvikle meg innan det, fortel han.

– Kvifor har du lyst til å gå på folkehøgskule?

– Eg er eigentleg ganske lei av skule, og har lyst til å prøve nye ting. Å få drive med det du har lyst til utan så mykje teori trur eg er midt i blinken for meg akkurat no, seier Tore Sandnes.

– Sjølv om ikkje det direkte er ei utdanning så kan eg likevel utvikle meg mykje som person dette året, seier Sandnes.

Les også: Dei er skuleleie og vel folkehøgskule.

Mange får nei

Alle dei seks folkehøgskulane i Møre og Romsdal profilerer seg aktivt på nettet. Og lokkar stadig fleire unge til å velje eit skuleår som ikkje gir ei konkret utdanning, men mykje livserfaring.

Kristian lund Silseth ved Nordmøre folkehøgskule har allereie lova vekk 60 av dei 80 plassane ved skulen, og det før fristen for å søkje høgare utdanning går ut 15. april.

– Vi er vande med svingingar i søkjartala. Dei fem-seks siste har det vore høge søkjartal og gode tider. Så lenge det er slik det er i år, skal vi vere svært nøgde, fortel Silseth.

Første nye folkehøgskule på 25 år

Det er 78 folkehøgskuler i Noreg. I god tid før siste frist for å søkje er allereie over åtti prosent av plassane allereie tekne. Trulig vil mange få beskjed om at dei dessverre ikkje kom inn. Tyder det på at det er for få folkehøgskuler her i landet?

– Vi prøvar å presse på politisk å seie at det er behov for fleire folkehøgskular, men der har styresmaktene vore veldig restriktive. Av landets folkehøgskular kom det ein ny ein i fjor. Det var den første som har vorte oppretta på 25 år, fortel han.

Rektor Kristian Lund Silseth får støtte frå den nye eleven sin. Det vert rift om plassane i åra framover trur Tore.

– Eg trur at det har vorte så store forventingar til at du skal arbeide og gå på skule heile tida. Derfor vil nok stadig fleire velje ei slik retning for å få noko anna å tenkje på. Den tendensen held nok fram, meiner Tore Sandnes.

Nordmøre folkehøgskule

Nordmøre folkehøgskule i Surnadal.

Foto: Nordmøre folkehøgskule

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL